Spørsmål og svar

Eg har dårlig sjølvtillit, sjølvfølelse og veit ikkje kvifor. Har de tips?

Gutt, 18

Hei! Det siste året har eg insett at eg ikkje har det så bra med meg sjølv. Det som frustrerer meg mest er at eg ikkje veit kvifor eg har det slik. Eg har dårlig sjølvfølese, sjølvtilitt og føler med elendig, men eg klarer ikkje å forstå kvifor. Eg kan prøver å tenke meg fram til ein hendig eller situasjon som førte til at eg har det slik, men eg klarer ikkje å komma på noko. Eg brukar masse tid for meg sjølv fordi eg føler eg ikkje har noko å komme med når eg er med andre folk. Eg må nesten sei eg sliter litt sosialt og. Når eg først er rundt/med andre folk ender det ofte med at eg berre er der utan å sei nokon ting og då føle eg meg dårlig igjen. Før var eg glad, smilande og utadvent, men no er eg helt motsatt. Sjølv om eg føler meg slik klarer eg fortsatt å fungera å gjera det eg må få gjort som for ekesmepel skulearbeid og jobb. Men eg har innsett at dette sliter meg ut og eg orker ikkje ha det slik lenger. Takk på førehand :)

Svar

Hei!

Så flott at du tar kontakt når du er usikker på kva du skal gjere.

Det er nok ikkje så lett å finne ut akkurat kvifor du har det som du har det - dette finn vi nok ikkje svaret på. Det er mest sannsynlig "summen av alt" - altså alt det du er og alt du har opplevd kombinert med situasjonen akkurat no. Det er nok kanskje heller ikkje så relevant å finne ut akkurat kvifor du har det som du har det for å få det betre.

Noko av det du peiker på kan likevel vere ein peikepinn i rett retning. Du forteller at du strever sosialt og at du har dårleg sjølvfølelse. Det å ha dårleg sjølvfølelse er noko som kan gjere oss usikre i absolutt alle situasjonar. Du kan gjerne lese og/eller høyre om sjølvfølelse i denne podcasten. Han som har spelt inn podcasten har også skrive ei bok som heiter "Selvfølelsens psykologi" (Sondre R. Liverød) som kan kjøpast eller lånast for gode tips, råd og øvelsar (i boka) for å betre sin sjølvfølelse. Dersom du trives med å lese og/eller høyre på podcast kan dette vere ein start.

Du fortel vidare at du opplever at du berre sit der når du er i sosiale lag. Det høyres ut som at du kan ønske deg noko meir/ein annan kvalitet i dine sosiale relasjonar. Det kan vere vanskeleg å endre seg når ein har kome inn i eit spor men det er ikkje umulig - det at du har blitt bevisst på at du ønsker endring er kanskje det viktigaste steget. Det høyres ut som du allereie er god til å lytte til det dei andre seier. For å øve deg på å bli litt meir aktiv i samtalen og dermed også komme litt nærare dei andre kan det vere lurt å t.d. vise interesse angåande det dei fortel og be dei fortelle meir eller spørre spørsmål knytta til det dei forteller. Dei kan ikkje gjette at du egentlig ønsker å komme nærare når du er stille - dermed blir det nok viktig at du viser gjennom ord/handling at du ønsker å høyre. Då er det også deira ansvar å spørre tilbake - hugs at det ikkje er berre du som skal ha ansvar for at ein samtale skal "gå rundt".

Det høyres ut som at du kan gå veldig inn i deg sjølv når du er med andre. Det at du blir usikker, har dårleg sjølvfølelse og kanskje tenker tankar som at "eg har ikkje noko å komme med", "eg er ikkje interessant", "så teit eg er som berre sit sånn her", "kvifor seier eg ikkje noko kjekt" osv. fører gjerne til at det berre blir endå vankeligare å hive seg utpå i samtalen. Det som kan vere lurt er å forsøke å la seg sjølv vere i fred og å flytte fokuset ditt utover - ut i rommet på det dei andre snakkar om, det dei gjer, kva andre har på seg, korleis rommet ser ut, kva skjer mellom dei andre. Ved å flytte fokuset ut og la seg sjølv vere i fred kan ein aktivt øve seg på å ikkje ha for mykje fokus innover. Fokuset innover blir ofte berre belastande og ein blir sittande litt "fast".

Det er godt å høyre at du fungerer godt på jobb og at du får gjort skulearbeid. Det er viktig å minne seg sjølv på det ein får til også - ofte kan ein bli mest opptatt av alt det som er vanskeleg.

Ønsker deg masse lykke til og håper du kjenner deg betre snart!


Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 20.7.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål