Spørsmål og svar

Har eg depresjon, er det noko gale eller er det berre vanleg?

Jente, 14

Har man depresjon og angst om du sover, spiser og aktiviserer seg sosialt for lite? Eg føler meg ikkje heilt som eg gjorde før: eg kan sone ut svært ofte, glemmer ting, se på meg sjølv i spegle og tenke "æsj", eller bare trekke meg vekk frå alle og sitte aleine med vilje i fritida, dag etter dag. Vennene mine spør meg heile tida om det går bra og eg seier berre "ja". Så kan dei sei eg sona ut og at eg gjorde ting som eg ikkje låg merke til sjølv. Som å fikle med fingrene, knekke leddene, se ut vinduet i klasserommet i fleire timer eller berre ha sovna på pulten. Når eg ser på mine eigne venner som forklarer dei er deprimerte og dei forteller ka dei gjør mot seg sjølve, får meg til å tenke dette berre eg vanlig. At da ikkje er noko gale med meg. Eg meiner, eg tenker eg er dårlegare enn alle andre 24/7, og føler alle som ser på meg berre trur eg er rar eller ekkel. Men er det noko galt, eller er da berre vanlig?

Svar

Hei du!

Ein treng ikkje nødvendigvis å ha depresjon sjølv om ein eter, søv og aktiviserer seg for lite men ein kan heilt klart få depresjon av å halde på slik lenge. Det er ikkje greit for kroppen med underskudd på mat, søvn og relasjonar over lengre tid.

Det høyres ut som at du har det vanskeleg på eit eller anna vis og at du også samanliknar deg med andre. Fordi andre kanskje har eit anna uttrykk og "gjer ting med seg sjølv" når dei oppgir at dei har depresjon så tenker du at du ikkje har det like vanskeleg og dermed bagatelliserer det litt. Det høyres ut som at dei rundt deg tenker at du ikkje har det så bra sidan dei seier at dei ser at du ramler ut og gjer forskjellig som du ikkje hugser.

Eg tenker at du kan snakke med nokon voksne som kan hjelpe deg å sortere i dette slik at du slepp å sitte med alt aleine. Ikkje heng deg så opp i korleis andre har det men ta heller deg sjølv på alvor for å finne ut om du bør få litt støtte og hjelp til å komme på rett spor igjen. Du kan ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller helsestasjon for ungdom i fyrste omgang.

Det blir også lurt å ta tak i dette med søvn og mat slik at du ikkje sliter deg sjølv ut - vi tåler mindre når vi ikkje får nok mat og søvn. Det er også lurt å bli med på enkelte sosiale ting sjølv om det ikkje fristar. Dersom vi kobler oss vekk frå alt og alle så er det lettare å komme inn i dårlige spor der vi får det aukande vanskeleg. Så forsøk å fokusere på dette parallellt med at du vurderer å snakke med nokon om korleis du har det.

Ønsker deg berre det beste!

Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 15.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål