Spørsmål og svar

Lurer på om eg har BDD/kroppsdysmorfofobi

Jente, 16

Hei, eg har slitt veldig med utseendet mitt i snart 5 år og lurer på om det kan vere BDD. Det er litt sånn i perioder, noen dager synest eg at eg ser helt rar og stygg ut og hater alt med meg, og andre dager er eg fornøyd med utseende mitt. Uansett kor mange gonger folk seie te meg at eg e fin, elle at da ikje e noke gale me utsende mitt klare eg ikje tru på da for eg ser noko heilt anna enn det dei forteller meg når eg ser meg sjøl i speilet. Det gjelder kroppen min og ansiktet mitt. Men eg blir så forvirra for eg klare ikkje heilt å sjønna kossen eg faktisk ser ut, for kvar dag føler eg at noko e annaledes på en måte. Utseende e annaledes kvar dag føle eg. Og eg vet ikkje om det har noe å si for BDD, men sånn eg hater, og gjør ALT for å unngå å vere rundt folk eg egt ikkje stole på elle kjenner. Eg syns da e vanskeli å eg trur alltid folk snakke om meg, og ser på meg. Eg leste litt om BDD, og syns det var likt på kossen eg har det. Kan eg ha det? Og om ikkje dåke kan si det, kem kan?

Svar

Hei du

Så fint at du tar kontakt når du har det vanskeleg.

Dersom du ønsker ei utredning for BDD og eventuelle andre problem så må dette gjerast hos BUP. For å få kontakt med BUP treng du henvisning frå fastlegen din først. Du er 16 år og kan gå aleine til fastlege dersom du ønsker det - du kan også ha med foreldre for hjelp og støtte. Eit anna alternativ er å kontakte helsesjukepleiar på skulen din i første omgang for å få råd og hjelp til kva vedkommande tenker det blir lurt for deg å gjere framover.

BDD er ein ganske inngripande lidelse der ein vil ha eit forvrengt bilete av eige utsjånad og der ein gjerne vil vere overbevist om at det er noko gale/defekt meg eigen utsjånad. Det vil vere overdrivent og der andre ikkje vil sjå det samme. Det vil skille seg ut frå det som betre kan beskrivast som dårleg sjølvfølelse og sjølvtillit ettersom det vil vere meir alvorleg og meir gjennomgripande/så godt som alltid vere til stades. Det høyres ut som at det svingar litt meir for deg - at det går opp og ned og at korleis du tenker og føler om eigen utsjånad gjerne påvirkast av korleis du har det i følelseslivet ditt den dagen. Kanskje er du veldig var på korleis andre er og oppfører seg rundt deg og at du føler deg dårlig og bra utifrå deira vurderingar og tilbakemeldingar på deg.

Det vil ikkje vere så lett å seie noko over nettet når grensa går frå veldig dårlig sjølvfølelse/sjølvtillit og over til meir alvorlige vanskar om BDD. Som sagt vil du trenge å snakke med nokon direkte om dette og du har fått tips om dette over. Så ta kontakt med nokon du kan drøfte med direkte om dei problema du har.

Ønsker deg alt godt og masse lykke til vidare!

Med beste helsing psykologen

Besvart: 5.1.2025

Oppdatert: 5.1.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål