Er så usikker på tankane mine om sjølvmord, vil ikkje dø, har det bra
Jente, 16
Hei, eg blir så usikker på mine egne tanka! I fjor sommar så fekk eg med meg med eit uhell ei nyhetssak om ei dame som hadde hatt depresjon og sjølvmordstanka og etter eg såg den så har temaet sjølvmord og sjølvmordstanka vært oppi haudet mitt. Eg har det egentlig veldig bra så eg skjønna liksom ikkje heilt koffor det temaet her dukka opp i haudet mitt… Har hatt det i perioder det siste året, og i sommar så fortalte pappa sånn at han håpte at eg og lillebroren min ikkje kjøme til å komme til eit punkt der at vi syns det e så tungt å leve at vi ikkje vil leve meir og det satte seg i haudet mitt så etter han sa det så e der ei stemme i haudet mitt som he sagt setninga «ej vil ikkje leve lenger» og ej blir så usikker, redd og forvirra fordi eg vil jo ikkje dø! Ej he det veldig bra og ej syns det temaet e skummelt! Ej e egentlig redd for å dø så eg skjønna det ikkje!! Kan dokke plis forklare meg kva som skjer med meg??
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt.
Det høyres ut som du har fått oppheng på dette med sjølvmordstankar og at temaet kanskje har skremt deg veldig. Når vi blir skremte over eit tema kan vi bli meir obs på ting som har med dette temaet å gjere. Då kan ein sjekke etter om ein tenker på det og legge merke til tema på TV eller frå andre (f.eks då faren din sa det han sa) og så tillegge det mye oppmerksomhet.
Det høyres ikkje ut som at du ønsker å forlate livet og det er bra. Det høyres meir ut som at du har fått påtrengande tankar om at dette må du tenke på og at det at du tenker på dette temaet må "bety" noe. Vi kan tenke på det litt som med tvangstankar - at det er tankar som kjem om og om igjen uten at vi eigentleg vil det. Når tankane får mye oppmerksomhet vil dei komme oftare og bli meir intense. Det er lurt å heller la tankane vere der uten å prøve å presse dei vekk fordi det vil ikkje fungere.
Du kan også forsøke å se tankane dine utenfrå og ha eit nærmast "humoristisk" blikk på dei: "Der kom dei tankane om sjølvmord igjen, så komisk at hjernen sender ut mange slike tankar når eg ikkje har lyst til å dø". Og så fortset du med det du held på med uten at du treng å gå meir inn i tankane.
Du kan også snakke med noen utenom familien om det dersom du syns det er vanskeleg å snakke om dette temaet heime. Då kan du f.eks ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din.
Eg ønsker deg alt godt og masse lykke til!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 3.11.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål