Tvangstankar siste 2 år, held eg på å bli gal?
Jente, 17
Hei! Dei siste 2 åra så har eg slitt med tvangstanka om sjølvmord, eg får bilde i haudet om at det vil skje meg og setninga som «eg vil ikkje leve lenger» og andre type sånne setninga dukka opp som ei stemme i haudet, men ofte så blir eg så forvirra, av og til å begynne eg å lure på om «helde eg på å få sjølvmordstanka sjølv?», «Helde eg på å bli gal?» He dokke noken tips til korleis eg kan innsjå at det e berre tvangstanka og at det ikkje vil skje meg og at eg ikkje helde på å bli gal? Og korleis kan ej overvinne triggera?? He dokke tips?? Plis hjelp meg
Svar
Hei du!
Så fint at du tek kontakt når du vert engsteleg.
Som du beskriv sjølv så har du kategorisert dette som tvangstankar. Tvangstankar er tankar som er påtrengande, plagsomme og gjentakande. Det er også heilt typisk at dei har typisk "tabuinnhald" som omhandlar vold, sex, sjølvmord, pedofili eller anna som ein blir redd og bekymra for. Ofte ser ein at tvangstankane tar oss på "vårt svakaste"/det som skremmer oss mest. Det høyres ut som at tankane om at du skal ta sjølvmord skremmer deg og at du blir redd for at du skal bli gal og at det skal skje på ekte.
Det å ha tvangstankar har ingenting med "gal" å gjere. Dei som er redde for å bli "gale" held ikkje på å bli "gale". Det er bekymringen for å bli "gale" som er ubehagelig men det har ingen samanheng med det å bli "gal" å gjere. Dette er også eit ledd av det (tvangs)tankane skremmer deg med.
Eg tenker at det som er lurt å gjere når tvangstankane om sjølvmord dukker opp er at du finn ein mellomveg mellom det å gå veldig inn i tankane og det å skyve dei vekk. Begge dei delene vil vere uhensiktsmessig. Det å bli veldig grublande inni tankane med "kva betyr det, er det fare på ferde" osv blir slitsomt og unødvendig og det å prøve å skyve vekk tankane totalt vil ikkje fungere og vil som regel berre føre til fleire og sterkare tankar på same tema (fordi tankane for faktisk veldig mykje oppmerksomhet ved at du prøver aktivt å skyve dei vekk).
Det er lurare å la tankane komme og så sjå tankane utenfrå som eit slags "fugleperspektiv". Dette for å anerkjenne at tankane er der men likevel ha ein liten distanse til dei. Du kan nærmast også ha eit noe "humoristisk" blikk mot dei dersom du klarer det - for å ufarliggjere dei litt og ikkje gjere dei så altoppslukande. Du kan til dømes seie til deg sjølv noko slikt som "der kom dei tankane igjen ja, så merkeleg at hjernen lagar mykje tankar om sjølvmord når eg absolutt ikkje vil, hjernen er jammen rar". Og så fokusere på det du held på med og ikkje gå så mykje meir inn i det.
Det er heilt vanleg at ein blir redd for tvangstankar - det er derfor dei nettopp får lov til å bli "tvangstankar". Hadde innhaldet vore heilt nøytralt og ikkje skremmande så hadde dei ikkje fått så mykje oppmerksomhet. Men det betyr på ingen måte at ein held på å bli "gal".
Håpar dette var oppklarande - eg ynskjer deg mykje lykke til!
Med venleg helsing frå psykologen
Besvart: 1.3.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål