Klarer ikkje meir av livet, tenker på sjølvmord, kva gjer eg?
Jente, 14
Hei eg berre klarer ikkje meir av live men eg veit at vennane mine fortsatt vil at eg skal være her, men Ingen lika meg og eg er stygg og feit, og sitter og griner kvar dag fordi eg ikkje klarer meir, Men ingen ser kor vondt eg har det og kor ofte eg tenker på sjølvmord, Kva burde man gjere visst man ikkje tør og prate med nokken
Svar
Hei du
Så fint at du tar kontakt i ein så vanskeleg situasjon som du er i. Me er her for deg!
Det høyres ut som at du er litt splitta der du både tenker at ingen bryr seg om deg men samtidig klarer å sjå at vennene dine syns det er viktig at du er her og at det dermed er faktisk mange som syns du er verdifull og viktig.
Det høyres ut som du har det vanskelig i relasjonen til deg sjølv no. Du kaller deg sjølv "stygg og feit" og seier at ingen likar deg. Det å tenke på seg sjølv som stygg og feit handlar gjerne om underliggande vanskar der ein har det tungt i følelseslivet sitt og andre (venner og familie) vil ikkje vurdere verdien din utifra vekt eller utsjånad - dei vil sette pris på deg og vere glad i deg for den du er og det har ikkje noe med vekt og utsjånad å gjere.
Det er ikkje så rart at andre ikkje ser kor vondt du har det når du ikkje har fortalt det høgt. Du fortel at du ikkje tør å snakke med noen og då er det heller ingen som får anledning til å hjelpe deg. Eg vil berre minne deg på at det er veldig mange som syns det er vanskelig å ta fyrste steget for å snakke med noen og gruer seg veldig for dette. Mange som kjem til meg i samtale vil fortelle at dei gruer seg veldig men så vil det gå seg til etterkvart. Dei aller fleste seier at dei syns det går greiare enn dei hadde tenkt.
Hugs at dei du oppsøker for å prate er vant til å snakke med andre om det som er vanskeleg og vil derfor hjelpe deg på veg med samtalen. Det er ikkje slik at du skal stå ansvarlig for samtalen aleine. Du vil få hjelp til å komme vidare i samtalen.
Eg tenker at du bør trosse frykten for å snakke med noen og gi det ein sjanse. Du har ikkje så mye å tape slik eg ser det. Du kan gå til helsesjukepleier på skulen din eller du kan ta kontakt med Helsestasjon for ungdom. Dersom du ikkje klarer å starte samtalen kan du vise spørsmål og svaret du har skrive/fått her på ung.no. Du kan også snakke/chatte anonymt med Kors på halsen i fyrste omgang for å få råd til kva du kan gjere vidare. Det viktigaste er at du ikkje blir sittande aleine med alt som føregår inni deg.
Du er verdifull og viktig berre fordi du er deg. Det høyres ut som at du har mista kontakten med dette no pga korleis du har det. Ikkje mist motet. Du må ikkje sette livet ditt i fare. Ta sjansen på å få snakka med noen om korleis du har det slik at du også får sjansen til å kjenne at ting blir betre.
Eg ønsker deg alt godt og heier på deg!
Med venleg helsing psykologen
Besvart: 4.11.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål