Spørsmål og svar

Har hatt det vanskelig lenge, ingen BUP-timer i sommar, skada meg

Jente, 14

Eg har ikkje hatt noen bup timer i sommer og har følt at eg må snakke med noen men eg veit ikkje Kem. Eg har ikkje hatt det så bra i det siste, alle andre tror det men eg har fått veldig masse selvmordstanker, eg har prøvd så godt eg kan og ikkje selvskade men eg klarer ikkje. Og Eg føler at vi berre snakker om angsten min på bup men det er så mye meir en angsten eg sliter med. Eg prøver kvær dag så godt eg kan og stå opp for og se og oppføre meg som at eg har det bra og være normal, mamma trur jo at eg har blitt bedre men eg blir så sliten av og late som at eg har det bra heile tiden.!! Eg er så lei av alt og alle folk spørr meg heile tiden «ka er det som er galt med deg?» men eg veit ikkje det skjølv! Eg gruer meg so felt til skulen begynner igjenn. Eg veit ikkje kor lenge eg orker og leve sån

Svar

Hei du!

Flott at du tar kontakt. Det høyres ut som det er litt lenge sidan sist time på BUP og at dette kjenner du på. Kanskje er du vant til å gå til timar litt hyppig og så har det vore annleis no i sommarferien der kanskje både du og behandlar har hatt ferie eller vore opptatt på kvar sin kant. Dersom du framleis har kontakt med BUP vil nok dette endre seg no til hausten når kvardagen går tilbake til normalt. Det vil då vere klokt om du klarer å seie noko til behandlaren din på BUP om at du ynskjer fokus på andre ting enn angsten. Kanskje treng du meir fokus på sjølvskading/sjølvmordstankar eller du treng å få bearbeida noko anna som du har holdt inni deg. Det er du som veit kva som trykker mest - dersom det er vanskelig å vite kvar du skal begynne kan du forsøke å etterforske det saman med behandlaren din.

Eg forstår godt at du blir sliten og lei deg dersom andre spør "kva er det med deg" - spesielt når du ikkje veit heilt kva du skal svare. Det er også veldig slitsomt å gå rundt å late som ein har det bra når ein ikkje har det. Det at du forsøker å "ta deg saman" og late som du har det bra foran mora di og andre vil nok berre gjere det enda meir tungt og vanskelig inni deg fordi det er vanskelig å ha på ei maske på den måten. Det er lurt om du klarer å seie til mora di at du ikkje har det bra slik at du og henne forhåpentligvis kan han ein OK samtale omkring dette. Husk at dersom mora di trur du har det bra så vil ho heller ikkje ha moglegheit til å støtte deg på det som er vanskelig fordi ho veit ikkje om det vanskelige. Dette blir fort ein vond spiral for begge to.

Eg ynskjer deg alt godt og håper at det blir greit å komme tilbake til BUP. Du kan sei i frå der om at du ynskjer anna fokus og du kan også vise spørsmålet du har sendt til ung.no dersom du syns det er lettare.

Alt godt til deg frå meg.

Med venleg helsing psykologspesialist

Besvart: 7.8.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål