Spørsmål og svar

Alle irriterer meg heime og skulen er dritt. Kva gjer eg

Jente, 13

Eg e so irritert alle irriterer meg, syskene mine krangler heile tida, sann HEILE tida heime, og dei e sur på meg og, og er alltid sur og då blir foreldra mine sur og når alle heime er sur blir eg sur, skulen er balle fordi alt på skulen e kjedelig og når eg prøve mitt beste so får eg lks 5+ og d esje bra nok. Eg får sann middels/lav karakter og d IRRITERER meg, og matte læreren min brukte eit halvt år på eit kapittel når ho veit at me skal gjennom 4 i løpet av 1 år å no må me streve fordi ho e dum og eg e ræv i matte i tillegg, alt og alle irriterer meg og gjer meg sur og eg er lks nesten aldri glad, eg e enten sur sint eller lei meg. Eg får lks høre av broren min at eg e ekn taper og stygg og d e eg enig i men han trenge ikkje gå rundt og sei d heile jævla tids sjølv om. Går d ann å slutta på skulen og begynna å jobba? Fordi sann skulen e dritt uansett då kan eg heller jobba og tjena penga. Eg lære ingenting på skulen uansett.

Svar

Hei du!

Fint at du tar kontakt når du har det vanskeleg. Det er ikkje så lett når det er mange ting oppå kvarandre der det ballar på seg med både vanskelige situasjonar og følelsar både heime og på skulen.

For å svare på det siste fyrst så kan du ikkje slutte på skulen før du er ferdig på ungdomsskulen. Det er obligatorisk å gå på skulen ut 10. klasse. Etter det kan du slutte om du vil men det kan også vere lurt å tenke seg litt om ettersom det vil vere lettare å få jobb seinare om du har gått meir på skulen. Men dersom det er slik at du treng tilpassa opplæring på nokon måte så har du (og andre) rett på det. Slik det høyres ut for meg så er du veldig flink på skulen (5+ er jo heilt i toppsjiktet og det er mange som berre kan drømme om å få så høg karakter). Dermed så høyres det ut som at dei negative følelsane på skulen kanskje er knytta til noko anna?

Det høyres blant anna ut som at det er ganske anspent heime hos deg og at det er fleire som har mykje følelsar som enten ikkje blir snakka om eller som eventuelt kjem ut på ein litt destruktiv og vond måte. Det at broren din kallar deg tapar og stygg høyres veldig ugreit ut og det handlar nok om at han ikkje har det så greit han heller og lar det gå utover deg. Dessverre er det slik at mange ofte tillater seg å seie og gjere ganske stygge ting innad i familien fordi der er ein ofte (meir) trygg på dei relasjonane som er der enn på andre.

Eg tenker også at det å vere "sur" er ein litt uavklart følelse der det ofte ligg noko anna under. Mange som framstår sur er kanskje egentlig veldig lei seg, veldig sliten, veldig engstelig, veldig skuffa eller bærer på ein kombinasjon av desse følelsane eller liknande. Vi tenker gjerne at sur er ein "sekundærfølelse" (den følelsen som visast) medan det ligg ein annan "primærfølelse" under (den ekte følelsen). Det kan vere lurt å få snakka ut om primærfølelsane ein har og kva det er som gjer vondt i følelsane og tankane. Kanskje hadde du hatt nytte av å snakke med nokon utanfor familien for å få hjelp og støtte i alt det du står i no. Det høyres ut som det kan vere nyttig å sortere litt i alt som skjer rundt deg (og inni deg) for å få det betre i kvardagen.

Ein god stad å starte er å snakke med enten ein rådgivar på skulen, ein lærar du stolar på (kanskje nokon andre enn den mattelæraren du syns er så dum) eller helsesjukepleiar på skulen. Helsesjukepleiar er vant til å snakke med andre på din alder om både vanskelige ting heime og på skulen.

Ynskjer deg alt godt og masse lykke til vidare.

Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 5.1.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål