Foreldre skilt, mor ny kjærast, hatar livet
Jente, 13
Hei. Foreldra mine skilte seg høsten 2021. No for tida syns eg det er ekstra vanskelig fordi mamma fekk ny kjæreste for 1 år sidan og i sommer blei dei forlova og eg har hørt at dei har hatt sex i senga deira. Det likar eg ikkje, men eg tør ikkje å snakke med folk om det. Og på grunn av det har eg fått sjølvmord tankar, men eg har ikkje tatt livet mitt fordi eg veit mamma blir lei seg. Kva kan eg gjøre? Eg hatar livet akkurat no 😭
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt i ein vanskeleg situasjon. Det er absolutt mykje å stå i for deg no og det forstår eg at opplevast belastande. 
Eg ser føre meg at det kan ha vore krevande/vanskeleg at foreldra dine skilte seg. Det kan både vere vondt å oppleve at familien blir brutt opp og det kan vere vanskeleg å tilpasse seg «det nye livet». Dersom ein ser at f.eks den eine parten (eller begge) har det vanskeleg etter skilsmissa er det krevande å sjå på dette frå eit dotterperspektiv.
Det er ikkje kjekt å høyre mor og kjærasten har sex. Det kan opplevast invaderande at noko så privat kjem så tett på - spesielt dersom du har vanskelege kjensler knytta til det nye forholdet til mora di. 
Eg forstår at det er vanskeleg og sårt å skulle ta opp noko sånt som sex og lydar heime knytta til dette. Det går an å seie det indirekte gjennom å seie til mora di at du syns der er litt lytt inn på soverommet deira og at dette kan bli litt ubehageleg nokon gonger - uten at du treng å utdjupe så veldig. Eg tenker ho vil forstå kva du meiner då. 
Det er vondt å høyre at du hatar livet. Eg forstår at det har vore mykje påkjenningar. Du må absolutt ikkje sette livet ditt i fare og eg er heilt enig i at mora di hadde blitt forferdeleg lei seg. I tillegg så er det eit veldig viktig perspektiv at du kjem også til å få det bedre sjølv om det ikkje kjennes sånn no. 
Eg trur det er best å snakke med nokon utanfor familien om alt du tenker og kjenner på - dette fordi det  kan vere lurt med perspektiv utanfrå i saker som handlar om foreldre, såre følelsar og eigne tankar/følelsar knytta til dette. 
Ein lur stad å starte er å snakke med helsesjukepleiar på skulen. Dersom du treng meir hjelp (t.d psykolog pga sjølvmordstankar) så kan du drøfte det med helsesjukepleiar og få råd derfrå. 
Eg ynskjer deg alt godt.
Med beste helsing psykologen
Besvart: 8.2.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål