Mor mi vart innlagt i fjor, eg har hatt sjølvmordsplanar men ingen veit det
Jente, 14
Hei, så i fjor vart mor mi innlagt på eit psykiatrisk sjukehus pga depresjon, i etter tid begynte eg med sjølvskading og å sulta meg sjølv for å hjelpa med følelsene mine, ingen veit om da. November 2020 hadde eg planer om å ta livet mitt, endte opp me å ikkje gjør da si eg våkna opp me 40 i feberen den morningen eg skulle gjør det. Etter hvert gjekk det bra me helso mi, å ingen veit om da eg hadde tenkt å gjer mot meg sjølv. April begynte eg å spy kvar gong eg åt, men etter 2 månder var da vekke. Men no slutten av august er alle tankane mine om sjølvskading og sjølvmord tilbake, eg tar ofte 3 paracetar før eg legge meg t å få sovna, så tar eg ofte 2 pataceyar på skulen for å fokusera, alt komme tilbake no som da e snart 1 år si mamma vart innlagt. Juli 2021 fant eg ut den skikkelige grunnen t Koff mamma vart innlagt, hu ville drepa seg sjølv. Etter da blir raskare sint, irritert og lei meg. Kva er det som skjer me meg? Er eg psykisk sjuk? Trenger eg hjelp som mor?
Svar
Hei, jente på 14 år!
Det høyres ut som det har vore vanskelig for deg å takle følelsar og tankar knytta til at mora di blei innlagt på sengepost. Det er klart at dette har påvirka deg. Foreldre er ofte dei viktigaste personane ein har og det er ein påkjenning når voksne/foreldre får det så vanskeleg at dei ikkje klarer å ta vare på seg sjølv. Dette kan vere ein svært vanskelig opplevelse og det at det er eit år sidan no vekker minner hos deg.
Det bekymrer meg at du har hatt planar om å ta ditt eige liv. Det er svært viktig at du ikkje forsøker dette. Sjølv om alt kan følast håplaust så er det alltid hjelp å få.
Det høyres ut som du forsøker å døyve følelsane dine med sjølvskading og gjennom å ta smertestillande. Dette vil ikkje fungere i lengden sjølv om det kan fungere på kort sikt. Det er viktig at du får rett hjelp slik at du kan handtere og bearbeide følelsane og tankane dine. Dette gjelder både med tanke på at du må forholde deg til at mora di er/har vore så sjuk at ho ikkje ønska å leve og at du også har hatt det så vanskelig.
Det er lurt om du får konktakt med fastlegen slik at du kan få fortalt korleis du har det. Dersom du ikkje allereie har ein kontakt i BUP så er det mulig å få det dersom fastlegen sender henvisning. I BUP kan ein få hjelp til å handtere alt som er vanskelig.
Du spør om du er psykisk sjuk og om du treng hjelp. Eg kan ikkje vurdere kva hjelp du trenger over internett og råder deg som sagt derfor til å ta kontakt med fastlege som kan vurdere dette på ein ordentlig måte. Det er også mulig å heller gå til helsesjukepleier på skulen i første omgang eller gå til Helsestasjon for ungdom der du bur dersom dette er enklare. Det viktigaste er at du ikkje blir sittande aleine med alt du har inni deg.
Det at du blir irritert, sint og lei deg seier berre noko om at du har mykje å tenke på og mykje å føle på. Det er nok mykje du tenker på som du trenger å bearbeide sammen med noen trygge voksne. Du har naturlige reaksjonar på noe som er vanskelig. Derfor er det viktig at du tar kontakt slik at du kan få denne hjelpa.
Ønsker deg alt godt og masse lykke til. Sender deg ein klem.
Med beste helsing psykologen 
Besvart: 30.8.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

