Spørsmål og svar

Er det farleg å kutte seg på magen?

Jente, 13

Hei. Eg lurer på om det er farleg å kutte seg på magen. Og kva slags kniv kan eg bruka til å kutte meg med. Det er vel Uhygenisk å bruka kjøkken kniv? Men eg veit ikkje vilke kniv eg skal bruka. Eg trur kanskje eg og er deprimert. Men eg er ikkje sikkert. Og eg vil ikkje spiss særlig mye. Vil gå ned i vekt.

Svar

Hei du!

Eg blir bekymra for deg når du spør om dette. Det er absolutt svært farlig å kutte seg i magen - uavhengig av om det er kjøkkenkniv eller annan kniv. Du kan risikere å gjere uopprettelege skader på deg sjølv eller i verste fall døy.

Det er vondt å høyre at du tenker på å skade deg og at du kjenner deg deprimert og har vanskelege tankar om kropp og vekt.

Det er ikkje sikkert du har behov for å gå ned i vekt i det heiletatt og at dette ønsket berre kjem av at du har det svært vanskelig i følelsane dine no. Då kan det dukke opp tankar om at ein bør «endre seg» eller ikkje er «bra nok».

Eg tenker at til sammen er alle dei vanskelege tankane og følelsane for mykje for deg å bære no og det er viktig at du får hjelp til å handtere dei.

Du fortel ikkje noko angåande om du får hjelp frå før. Det høyres ut for meg som at du treng det. Eg oppfordrar deg på det sterkaste til å kontakte helsesjukepleiar på skulen din, helsestasjon for ungdom eller fastlege (til fastlegen tar du med foreldre i tifelle det blir aktuelt med henvisning vidare til BUP/psykolog).

Du må ikkje kutte deg i magen (eller andre stader). Forsøk å finn andre måter å handtere dei vanskelege følelsane på. Tips til dette er: snakke med nokon, ikkje vere aleine på rommet men heller vere i stova/kjøkken osv, ta ein tur i frisk luft, ta ein varm eller kald dusj, sett på serie/musikk/film eller spel noko (gaming eller puslespel/brettspel), skriv ned følelsar/tankar (dagbok), teikne eller andre ting som får deg inn i eit anna spor fram til følelsane har lagt seg litt av seg sjølv og ikkje følast like intense

Eg ønsker deg berre det beste og håper du snart får god hjelp og får det betre.

Med beste helsing psykologen

Besvart: 3.3.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål