Kvifor har eg ikkje følelsar? Eg har følelsar men dei kjennes ikkje ekte ut
Gutt, 13
Kvifor har eg ikkje følelsar? Eg har følelsar, men dei føles ikkje ekte ut. Foreksempel som når eg var 10. Da føltes alt ekte ut, Men ikkje so mykje lengre. Er dette normalt eller kvifor er det sann?
Svar
Hei, gut på 13 år!
Flott at du tar kontakt.
Det er nok ikkje slik at du ikkje har følelsar. Men nokon gonger kan det vere vanskelig å kjenne følelsane sine. Det kan vere at ein er inne i ein periode der ein kjenner seg veldig sliten og dermed heller føler seg "tom" enn noko anna. Dette kan vere teikn på at ein har litt for mykje på seg eller er inne i ein vanskelig periode i livet. Andre kan kjenne at dei ikkje klarar å kjenne følelsane sine skikkelig dersom ein har opplevd noko svært dramatisk og/eller belastande slik at kroppen nærmast "slår seg av" for å kople ut følelsane fordi dei er så tunge å bære. Dette er ein måte kroppen forsøker å beskytte på.
Eg veit ikkje korleis du har det til vanleg og om det har skjedd noko spesielt. Kanskje er du berre litt sliten no og så kjennes du litt nummen/tom ut på grunn av det. Det kan vere lurt å sette ord på korleis ein har det til nokon ein stoler på. Det kan vere familie, lærar eller helsesjukepleiar på skulen. Dei som er voksne kan vere med å hjelpe deg å finne ut om det er noko du bør søke hjelp for eller om det ser ut til å gå over av seg sjølv.
Det er jo slik at vi alle har vore gjennom ein ganske spesiell situasjon no med koronapandemien. Dette har påvirka oss som samfunn i stor grad. Kvardagen har ikkje vore lik som vi er vant til og nokon reagerer meir på dette enn andre. Ein kan kjenne seg sliten som følge av at kvardagen har ført til ganske store endringar. Kanskje kan det du opplever ha noko med dette å gjere. Det er i så fall godt å tenke på at vi ser ut til å vere på veg til å komme over i ein litt lettare kvardag no når vaksinene blir satt over heile landet.
For å ha ein god psykisk "buffer" er det lurt å hjelpe seg sjølv til å ha det best mogleg gjennom å prioritere å ha faste måltider, få nok søvn og nok fysisk aktivitet. Slike gode rutiner kan føre til at ein kjenner seg meir i kontakt med kropp og følelsar og vil ofte gi eit overskudd heller enn at ein kjenner seg veldig tom/følelsesløs.
Ønsker deg uansett alt godt og husk å snakk med nokon for å ikkje sitte aleine med det du tenker på!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 14.5.2021
Oppdatert: 14.5.2021
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


