Kjæresten min slo opp, og eg har det ekstremt vondt
Jente, 17
Hei, kjæresten min på over 1 år slo opp for 2 månder tilbake brått. Han sa han ikkje følte han likte meg lengre, men eg prøvde å si at han kanskje bare er vant til å ha meg hos han, at det ikkje nødvendigvis var følelsene hans som var borte. Uansett så har jeg det ekstremt vondt, jeg sover lite og klarer ikkje sosialisere meg. Jeg har begynt å trene ein god del og jobbe for å få tankane på noko annet. Familien hans holder jeg kontakt med og dei sender ofte melding til meg. Men exen ser ut som han har det bra. Jeg er også sjalu på kva han gjør nå som han er singel, jeg klarer liksom ikkje legge han fra meg. Jeg håper for kver dag at han vil sende meg ein melding og si at han vil bli i lag igjen. Han var virkelig min første store kjærligheit og den tryggheiten eg hadde sammen med han var den beste, så er ytrulig vanskelig å gi slipp på alt. Jeg får høre at han går rundt på andre jenter også som eg synest er sårende siden vi var i eit fast seriøst forhold sammen. Kva skal eg gjere?
Svar
Hei!
Så vondt å høyre om korleis du har det etter at kjærasten din slo opp med deg.
Å ha kjærleikssorg kan vere utruleg vondt. For nokon tar det kort tid før kjærleikssorgen slepp taket, og for andre kan det ta litt lengre tid. Men det som kan vere ein liten trøst, er å hugse på at kjærleikssorg går over. Vi er på ein måte programmerte til å bli forelska, men også til å komme over nokon, så vi kan prøve på nytt.
Akkurat no kjennes det ikkje sånn, men når du har det som verst, kan du minne deg sjølv på at dette ikkje vil vare evig. Du kjem til å få det betre<3 Øv på å fortelje deg sjølv det, så kjennes det kanskje litt lettare!
Det er sterkt gjort av deg at du har begynt å trene for å få tankane over på noko anna. Det kan vere tøft å stå imot når man helst bare vil gje seg hen til sorgen, men det har du klart. Gje deg sjølv ein klapp på skuldra!
No gjeld det å prøve å få tilbake meir av det gamle livet ditt. Første prioritet er å hugse å spise og drikke nok vatn. Det kan høyrast banalt ut, men det har mykje å seie for korleis vi har det. Når du skal prøve å sove om kveldane, kan du øve deg på pusteteknikkar for å slappe av.
For eksempel kan du telle til fire når du pustar inn, halde pusten i fire sekund, puste ut på fire sekund, og halde pusten ute i fire sekund før du trekk pusten på ny.
Så gjeld det å prøve å vere sosial igjen. Det vil nok vere kjempeviktig for at du får det bra igjen. Kjennes det voldsomt å vere med mange, så begynn med ein ven, og ikkje så lenge av gangen.
Og så vil eg anbefale deg å åpne deg opp til ein ven. Send ei melding der du forklarer dette, for eksempel: «Hei, eg har det framleis ganske tøft etter at eg og ... slo opp, og eg synest det er litt tungt å vere med folk. Men eg vil gjerne prøve å vere meir sosial igjen, og lurte på om vi kunne finne på noko ein dag?»
Du kan også prate med helsesjukepleiar på skulen din, eller med nokon andre du stoler på.
Start i det små. Dette veit eg at du klarar!
Han var din første store kjærleik, men det vil komme nokon andre. Det føles nok som at han var den einaste rette for deg, men tru meg, du vil finne nokon for deg<3
Send oss gjerne eit nytt spørsmål om det ikkje blir betre, eller om du treng fleire råd.
Eg heiar på deg!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 17.7.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


