Spørsmål og svar

Har få interesser, sliter med å få venner. Vurderer folkehøgskule.

Jente, 17

Er det normalt å bli så vant til å være aleine at det ikkje gjør vondt lengre?Har vore uten venner i ca 2 år no.Har ingen tidligare venner eller klassekamerater eg kan kontakte.Mamma har kontakta kommunen men tilbudet er DRITT DÅRLIG(bur på ein liten plass)!Ho har også kontakta alt av organisasjoner og idretts/sportsklubber men INGENTING er aktuelt!Klarer heller ikkje å knekke koden for å få venner.Går til psykolog men psykologen min får ikkje gjort så mykje med ensomheten min.Per d.d. så har eg på ein måte mista den vonde følelsen med å være aleine.Er blitt så vant å være med foreldrene mine 24/7 at eg ikkje lenger veit korleis eg skal oppføre meg blant jevnaldrende.Syns dessuten at ungdommer i dag er veldig sjølvopptatte!Vurdere folkehøgskule(kommer til å velge enerom på fhs) men redd for å ende opp aleine slik som på u-skulen & vgs.Liker ikkje typiske ungdoms ting som å se på serier/filmer,være på mobilen/sosiale medier,shoppe,sminke,spille dataspill osv.Har få interesser. Mvh 17

Svar

Hei, jente på 17!

Det høyres ikkje ut som du har det så godt for tida og at du sliter med å finne ut korleis du skal finne din plass blant jevnaldrande personar. Du spør om det er normalt å vere så mykje aleine at det ikkje gjer vondt lenger. Angåande dette så tenker eg at vi mennesker tilpassar oss situasjonar vi er i ganske godt og det er vanlig at ein kjenner at ein ikkje lenger reagerer som ein kanskje gjorde i starten dersom ein situasjon varer over tid - slik som det høyres ut som det har gjort for deg.

Det er nok ikkje så lett for deg og mamma å finne gode aktiviteter dersom du har svært få interesser. Du forteller ein del om kva du ikkje ønsker/liker men forteller lite om kva du kunne tenke deg å vere med på. Eg tenker at det er litt opp til deg å finne ut kva interesser som kunne vore aktuelle å gjere noko meir med.

Det å gå på folkehøgskule høyres ut som ein spennande plan. Det er veldig mange som ønsker å ha eit år på folkehøgskule både for å lære meir om seg sjølv og om andre. Folkehøgskulane har fokus på aktiviteter og sosialt samvær utan at det er krav til prøver og eksamen. Dette er for mange veldig befriande og det kan vere eit godt år for å finne litt meir ut av kva ein ønsker å gjere vidare. Det er klart at du kan velge å bu på einerom dersom du vil det - men det er jo også mogleg å utfordre seg gjennom å bu på dobbeltrom slik at du blir ekstra godt kjent med den personen du bur på rom med. Dette kunne vore lurt med tanke på at du er redd for å bli aleine - dersom du bur på rom med noen så blir du aldri heilt aleine.

Eg støtter deg i å søke litt på nettet for å finne ulike folkehøgskuler og linjene dei tilbyr. Det er veldig mye å velge mellom og det vil nok vere noko som frister meir enn andre ting. Det vil uansett vere eit år som skiller seg ut frå andre år og det høyres ut som du både ønsker og trenger ein brytning frå den kvardagen du har no der du er mykje heime med foreldra dine sjølv om du eigentleg kanskje kunne ønska deg noko anna.

Eg ønsker deg alt godt og ønsker deg lykke til!

Med beste helsing psykologen

Besvart: 10.8.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål