Spørsmål og svar

Har sjølvmordstankar og sjølvskadar kvar dag

Jente, 17

Hei, ej vet ikke ka dokke kjøme tol å gjer men dgf ej prøva de som skjer e at ej slite veldi me min psyksk helse å ej føle den he blitt mye verre en de den va sann ej klare ikke å holde mej clean lenger ej sitte heime p skada mej kvar dag p ej he lsm lags en plan om at ej skal ta live mitt å den dagen nærma sej litt men ej tør lsm ikkje p si de til noen men dagen e søndag kveld eller mandag kveld rundt dp men ej tør ikke å si til pappa korleis ej he de fordi hsn kan reagere feil lsm de he skjedd før å om dokke he plans om å kontakte npen aldri kontakt pappa fordi dp blir de berre verre som ej regna me dokke ikkje vil so om dokke blir bekymra heller ring noen andre eller mej istedenfor han

Hei du

Så fint at du tek kontakt.

Det høyres ut som at du har det veldig vanskeleg og at du ikkje kan snakke med far din om dette. Det er tungt å gå rundt med eigne tunge tankar heile tida og ikkje vite kven ein skal snakke med.

Det kan høyres ut for meg som at du er åpen for å snakke med nokon men at du ikkje ønsker å involvere faren din. Ettersom du er over 16 år så kan du sjølv ta kontakt med hjelp uten at du treng å involvere faren din. Så det er ein god nyhet.

Du kan ta kontakt med fastlegen din for å be om henvisning til psykolog. Du kan også ta kontakt med helsestasjon for ungdom der du bur eller helsesjukepleiar på skulen din.

Du skal ikkje måtte ha det så tungt at du går rundt med sjølvmordstankar og at du skadar deg kvar dag. Du veit sikkert mykje sjølv om kva som ligg bak dei vanskelege tankane og følelsane men det er godt å få sortert det saman med andre profesjonelle slik at du slepp å vere aleine om det.

Det finst mykje god hjelp å få for sjølvskading, sjølvmordstankar, kriser, følelsesliv som har det vanskeleg. Det er ikkje meininga at du skal måtte finne ut av alt dette aleine. Det er for tøft å stå i for kven som helst!

Det er svært viktig at du ikkje set livet ditt i fare. Uansett kva du kjenner på no så kan eg love deg at ingen tankar, følelsar eller situasjonar varer evig. Du kjem ikkje til å ha det på same måte som du har det no for alltid og det er viktig at du er her for å få oppleve det.

Eg ønsker deg berre det beste og masse lykke til. Ikkje gje opp!

Med venleg helsing frå psykologen

Besvart: 1.8.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål