Spørsmål og svar

Lurer på om eg har angst/angstanfall og kva som skjer med meg

Jente, 14

Eg har spurt her før etter en hendelse i klasserommet, og dekan sa at eg fikk EiT angstanfall. Det har skjedd flere ganger og nå skjelver jeg meir og meir ukontrollert. Eg blei også så svett og klam i henda at det kjennest som at eg hadde holdt dei under vatn. Og eg stresser sånn heilt sjukt mye og eg greier ikkje tenke. Viss eg hører noen ler berre dei går forbi meg, tenkjer eg at det er om meg. Siden alt dette har skjedd mange ganger, og eg blir nervøs og greier nesten ikkje snakke berre til ein person, lurer eg på om eg har angst? Eller sosial angst da. Og eg veit ikkje korleis eg kan snakke om dette med mamma, fordi eg føler at det ikkje er seriøst eller at ho ikkje tar det seriøst. Tenkte kanskje å gå til helsesøster fyrst for å få ein bekreftelse på kVA som skjer, men eg tør ikkje og er redd for at eg ikkje tør å sei noko. Helsen jente på 14 år.

Hei du!

Så fint at du tar kontakt.

Ja, det du forteller om kan høyres ut som angst. Angstanfall kan oppstå som del av ein panikklidelse og angstanfall kan oppstå også i sosiale settingar og vere del av ein sosial angstlidelse. Angstanfall kan også dukke opp ut av det blå uten at ein har ein angstdiagnose.

Det høyres lurt ut å snakke med nokon om korleis du har det. Det kan ofte vere slik at når ein har fått angstanfall som ein syns blei skremmande eller ekkelt så vil ein vere meir på vakt for å ikkje få det igjen og det fører ofte til at ein får det meir fordi det får mykje oppmerksomhet. Altså litt baklengs frå det ein skulle ønske/trudd.

Dersom du ikkje trur mora di vil ta deg seriøst så er det fint å snakke med helsesjukepleiar. Helsesjukepleiar er vant til å snakke med andre på din alder om liknande problem og kan gi god hjelp og råd og forståelse rundt angst og angstanfall. Det er fint å ikkje måtte gå rundt med dette aleine!

Dersom du ikkje klarer å seie noko kan du vise spørsmålet du har sendt til oss i ung.no. Men min erfaring er også at sjølv om ein kanskje gruer seg mykje i forkant så vil det gå fint å sette ord på det. Hugs også at helsesjukepleiar vil hjelpe deg vidare med samtalen slik at du trenger ikkje å ha alle spørsmåla eller orda dine klare når du møter på time.

Eg ynskjer deg berre det beste og håper du tar kontakt med helsesjukepleiaren på skulen din.

Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 15.9.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål