Spørsmål og svar

Eg lurer på om eg har angst eller noko anna?

Jente, 16

Hei, eg lurer på om eg har angst eller noko anna. Tidlegare har er vore hos psykolog pga depresjon. Eg blei tidlegare utestengt på barne og ungdomsskulen, derfor blei eg veldig reservert og tilbakeholden. Nylig starta eg på videregåande og kjente ingen. Nå har det gått et halvt år og eg har fortsatt ikkje fått ordentelige venner. Det er ikkje pga andre fordi eg blir inkludert og inkluderer meg sjølv. Eg berre klarer ikkje å snakke til nokon. Det er som om eg filtrerer alt eg tenker å seie slik at eg ikkje klarer å seie nokon ting. Frys liksom. Alt eg kan snakke om er skulen og helga. Andre begynner nok å tenke at eg er kjedeleg fordi eg er så stille. Men med folk eg kjenner er eg veldig pratsom med, livlig og bruker mykje humor. Trodde depresjonen var litt knytta til skolen men på den nye skolen går det like dårlig. Dessutan unngår eg mange ting fordi eg er usosial. Og når andre elevar bråkar blir eg stressa og engstelig. Heng det sammen med depresjon eller noko? Nokon tips/hjelp?

Svar

Hei, jente på 16!

Det høyres strevsomt ut å ha det slik som du har det no. Det er bra du spør om tips og råd.

Det er ikkje mogleg for oss på ung.no å stille diagnosar eller vite sikkert kva det er du kjenner på. Samtidig så er det lett å lese frå det du skriv at du ikkje har det bra. Du forteller at du tidligare har hatt depresjon men at du no lurer på om du har angst. Det som i alle fall er sikkert er at angst- og depresjonslidelsar ofte kan gå hand i hand og at den eine kan føre til den andre og så vidare. Dersom ein er deprimert over tid vil ein gjerne engste seg mykje også og dersom ein har angst over tid vil ein gjerne bli så sliten av det at ein kan kjenne seg deprimert.

Du forteller at du er svært tilbakeholden i det sosiale og det høyres ut som du engstar deg mykje og bekymrer deg for kva dei andre skal tenke om deg. Det at du analyserer og "veger" dine ord før dei kjem ut høyres strevsomt ut. Du blir på ein måte ganske hemma sosialt og du gir deg sjølv mykje ubehagelig fokus. Hugs at det er du som er opptatt av deg sjølv og at dei andre er mest opptatt av seg sjølv. Det kan vere lett å gløyme når bekymringen står på som verst.

Når det gjelder det å delta i det sosiale trur eg at eg vil råde deg til å forsøke å flytte fokuset ditt utover (og la deg sjølv vere i fred). I staden for å tenke at du må seie noko "klokt" og noko "rett" og så vidare kan du forsøke å fokusere på dei andre - plukk opp kva dei snakker om, still oppfølgingsspørsmål på deira tema, vis interesse - la dei styre samtalen men vis interesse. Ved å fokusere utover på andre kan ein øve seg på å prøve å gløyme det strenge blikket ein gjerne har retta mot seg sjølv.

Det er også lurt å øve seg på å etterkvart hoppe ut.i samtalen uten "analyse" på førehand. Det er heilt umogleg å spå korleis ein samtale vil utarte seg og dermed går det ikkje an å "pugge manus". Det blir vanskelig i starten men med litt øving håpar og trur eg det vil løsne litt meir for deg.

Det at du blir stressa når andre bråker kan nok ha mange grunner. Kanskje er du rett og slett så sliten no at slike inntrykk føles litt overveldande.

Eg vil også råde deg til å snakke med helsesjukepleiar på skulen din om korleis du har det. Kanskje har vedkommande noen tips, råd og støtte til deg. Det er også mogleg å ta opp der om bekymringen og angsten du kjenner på er på eit slikt nivå at du burde fått hjelp og behandling for det. Dette kan du diskutere hos helsesjukepleiar eller eventuelt gå rett til fastlege som kan sende henvisning ved behov.

Eg ynskjer deg alt godt og håpar du snart kjenner at ting blir betre.

Alt godt frå psykologen

Besvart: 22.2.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål