Spørsmål og svar

Eg slit med sjalusi og å tenke dumme ting. Slit også med søvn og depresjon

Gutt, 18

Hei. Eg sliter veldig med sjalusi og generelt slutte å tenke veldig på domme ting. F.eks kan eg bli lett sjalu på noke f.eks noken eg e glad i eller generelt kompiser og kan sitte lenge å tenke på det. Kan vere at eg f.eks slite med å såve eller bare blir deprimert. Har vurdert å ta det opp med fatlege men e usikker ka eg ska gjere eller kor eg skal gå får å snakke me noken om det. Eller eventuelt om det er noke bedre enn fastlege å snakke me.

Svar

Hei du!

Så fint du tar kontakt når du er usikker på kva du bør gjere vidare.

Eg tenker at det er fleire vegar å gå. Dersom du trenger henvisning til psykolog så er det best å gå til fastlegen din. Der kan du drøfte med legen det du kjenner på og finne ut saman med legen om det er lurt å sende henvisning vidare til DPS/psykolog for å få hjelp der.

Dersom det hos legen blir vurdert at du ikkje trenger henvisning vidare går det også an å snakke med nokon på helsestasjon for ungdom eller helsesjukepleiar på skulen dersom du går på skule (vgs). Dersom det er slik at du ska begynne å studere no på høgare utdanning så har slike studiestader ofte gratis psykolog.

Det er også mogleg å få samtaler hos psykologstudentar som har komme langt i utdanninga si og er under veiledning. Dette gjeld berre dersom du bur i dei byane der dei utdannar psykologar (Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø). Der kan du ta kontakt sjølv direkte med studiestaden/universitetet det gjelder for å be om samtaler. Søk opp på nett dersom dette er aktuelt for deg.

Dersom du blir usikker på kva du skal gjere er lurt å gå til fastlege som ein hovudregel for første samtale slik at han/ho kan gi deg råd om kva du bør gjere vidare. Fastelegar har også fote god oversikt over kva tilbud og hjelp som finnast i akkurat den byen/bygda/kommunen du bur i.

Ønsker deg alt godt!


Med venleg helsing frå psykologen

Besvart: 9.8.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål