Eg sliter med den mentale helsa mi og vil ha nåken å snakke med
Jente, 13
Hei, eg sliter veldig med den mentale helsa mi åg vill ha nåken å snakke med. Eg krangler altid med foreldra mine og klarer ikkje å snakke og fortelle dei om korleis eg føler det eller har det. Eg er den eldste og får altid kjeft for alt mens søskena mine ikkje tenker litt på det å snakker stygt til meg og eg fysiske med å slå osv, men eg klarer ikkje å stå opp for meg selv mens foreldrene mine ikkje hjelper meg. Eg griner fleire ganga om dagen pga forholdet vårt og korleis eg altid «ødlgger og er den slemme» men egentlig er det bare ingen som forstor meg. Eg har ingen venner lærere eller helsesøstre å snakke med og eg lurer på hva eg skal gjøre. Vi har prøvd å fikse opp i rotet i familien men de går berre ikkje og eg tørr ikkje å åpne opp til nåken om korleis eg har det , eg har prøvd veldig masse med online anonymt chatting med folk men ingenting hjelper. Eg har slitet med masse depprasjion i fortida men har aldrid fortalt det til noen .
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt når du har det vanskeleg.
Du fortel at du ønsker å ha nokon å snakke med men ikkje synes det fungerer med chatting på nettet og heller ikkje kan snakke med helsesjukepleiar eller lærar. Dersom det er slik at du treng nokon å snakke med så er det også mogleg å sei frå til Helsestasjon for ungdom der du bur. Det er gratis å gå dit. Det er mange som gruer seg for å åpne seg i starten men som opplever at det går greiare enn dei trur når dei kjem i gang. Kanskje blir det slik for deg også? Vi veit i alle fall at det er vondt å gå å bære på vanskelige tankar og følelsar aleine. Det høyres også ut som at det har gått litt i lås heime slik at du føler du ikkje kan snakke med nokon der akkurat no.
Dersom du slit med depresjon kan det også vere aktuelt å få hjelp av BUP/psykolog men då treng du ein henvisning frå fastlegen og ettersom du berre er 13 år så må foreldra dine godkjenne dette. Det kan godt hende at dei synes det er lurt at du får hjelp dersom du grin mykje og har det så vanskelig heime no.
Det høyres sårt og vanskelig ut at du føler på at du blir beskyldt for å vere "den slemme". Dette handlar kanskje om at det har gått i lås i kommunikasjonen heime slik at alle skulder på kvarandre når dei er såra fordi det er vanskelig å seie unnskyld og innrømme at ein har gjort noko galt når følelsane kokar.
Det kan vere lurt å forsøke å snakke sammen når følelsane ikkje har bygd seg opp og ingen er aktiverte og lei seg. Når ein ikkje har så sterke følelsar kan ein lettare sette ord på det som sårer. Eg forstår at dette er vanskeleg men det høyres ut som du har det så tungt heime no at det kanskje likevel er nødvendig.
Håpar at du snart får det betre og at du hoppar ut i det å snakke med nokon utenom familien for å få støtte og råd.
Eg ønsker deg alt godt og heier på deg.
Med beste helsing frå psykologen
Besvart: 10.8.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


