Vil snakke med HFU men redd for taushetsplikten. Kva gjer eg?
Jente, 15
Hei, eg har hatt veldig mangen blanda følelser, og vonde følelser ein god stund! Gjennom heile ungdomskulen egentlig! Å ein gang iblandt har eg hatt litt selvmordstanker, men planlegger ingenting, og klarer ikkje å bestemme meg, men vil samtidig ikkje ta livet mitt! EG ER SIKKER PÅ AT EG IKKJE VIL TA LIVET MITT! Men Klarer ikkje dele tankene med nokon! Å er litt redd for å gå tilbake til ho som eg snakker med på Hfu! Ting blir alltid lettere og mindre vindt når eg snakker med ho! Men det er lenge siden eg har snakka med ho, men samtidig så er ho den einaste eg vil og tørr å snakke med om følelsene mine! Men veit ikkje om eg tørr å nevne dette! For eg vil ikkje at det skal gå videre med det til foreldre eller nokon andre! Fordi eg skal jo ikkje ta livet mitt! Det er bare tankene som er det nokon få ganger!
Svar
Hei du
Så godt at du har hatt ein god erfaring med å snakke med nokon som jobber på HFU (helsestasjon for ungdom). Det er derfor dei er der. Det høyres ut som at du hadde hatt godt av å gå tilbake dit for å fortelle om korleis du har det. Det høyres også ut som at du eigentleg har tenkt at du skal det men at du står litt på "vippepunktet" der du er usikker på om du klarer/tør å gå dit.
Det er ikkje slik at helsepersonell må seie vidare alt det du snakkar om til foreldra dine. Dei gongene helsepersonell må fortelle vidare til foreldre er dersom det er noko veldig alvorlig som foregår der foreldra ikkje får moglegheit til å utøve si omsorgsrolle ovanfor deg i tilstrekkeleg grad. Dersom det er slik at du har hatt tankar om at du ikkje orkar å leve så er ikkje det det samme som at du ønsker å dø. Du seier jo sjølv at du ikkje kjem til å ta livet ditt og det kan du også fortelle til ho du likar å snakke med på HFU.
Dersom det sit langt inne for deg å fortelle om desse tankane så kan du heller starte med å seie til henne at du tenker på nokon ting som du ikkje tør å snakke om pga taushetsplikten. Då kan ho fortelle deg kva ting som opphever taushetsplikten og ikkje slik at du kan bli tryggare på det du vil fortelle. Det høyres ut som at du og henne har ein god relasjon frå før så då kan du også heilt sikkert snakke godt om det som du har på hjartet.
Eg råder deg til å oppsøke henne slik at du får snakka om det som plager deg. Så kan du som sagt fortelle at du er redd for taushetsplikten og så fortelle om at du ikkje ynskjer å ta livet ditt men at du har hatt slike tankar. Det høyres også viktig ut å få snakka ut om kva som ligg bak desse vanskelige tankane som du forteller at du har hatt sidan ungdomsskulen.
Ynskjer deg berre det beste og håpar at du får det betre snart.
Med beste helsing frå psykologen
Besvart: 26.3.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
