Spørsmål og svar

Ønsker å snakke med HFU men er redd for å vere masete eller teit

Jente, 15

Hei, eg har hatt veldig vanskelige hendelser i livet mitt! Og nokon gonger er det vanskelig å slippe taket eller komme seg ut av tankene selv! Derfor har eg snakka med nokon på Hfu, etterkvart så fikk eg beskjed om at eg kunne få ein prøvetime hos psykolog! Etter eg hadde snakke med psykolog, så kom dei fram til at eg berre kunne snakke med helsesøster på skulen! Men greia er at det ikkje er noko galt med nokon av dei, men det hjalp ikkje å snakke med psykolog, det funka litt å snakke med helsesykepleier, men det hjalp best å snakka med ho på Hfu, ho forsto meg og eg forsto ho, eg hørte på alt ho hadde å sei og omvendt❤️ Men føler også at eg maser så mykje når eg snakker med ho, at ho kanskje blir lei, har blitt meir og meir forsiktig med å snakke med folk fordi eg er redd for at de skal syntes at eg er masete eller teit! Å eg savner sånn å snakke med hun som kunne hjelpe meg så godt! For den måten ho snakka med meg på var den mest hjelpsomme metoden som funka for meg! Ka kan eg gjere

Svar

Hei på deg!

Så fint at du tar kontakt med oss i ung.no når du har noko på hjartet.

Så flott at du har funne ei på HFU som du har fått god kontakt med. Du har heilt rett i at det er veldig viktig med kjemi og at ein kjenner at ein forstår kvarandre når ein skal vere i ein relasjon der ein skal våge å ta imot hjelp. Så eg forstår godt at det ikkje er slik at det er noko "galt" med dei andre men at du rett og slett kjente på best kjemi og hjelp hos henne på HFU.

Eg høyrer at det melder seg litt tankar hos deg om at du er til bry og at du maser og at ho blir lei. Dette høyres kanskje ut som er eit blikk som eigentleg kjem frå deg sjølv og ikkje frå henne? Det at du kjenner på at du er redd ho skal bli lei av deg er kanskje nettopp fordi ho har betydd mykje for deg og dermed er denne relasjonen viktig for deg. Når det føles som det er meir "på spel" på denne måten kan ein også bli bekymra for å bli avvist eller kjenne seg avvist.

Eg vil likevel råde deg til at du ikkje høyrer så mykje på den bekymringen fordi det høyres mest ut for meg som at ho du snakka med på HFU var interessert i å snakke med deg og at du hadde nytte av dette. Hugs på at dei som jobber på slike stader jobber der ettersom dei ønsker å vere i kontakt med barn/ungdom og å kunne stille opp på det som er vanskelig. Då er det ikkje slik at det er "feil" eller "dumt" at du er der - det er heller heilt riktig at du bruker tilbuda som er tilgjengelig for deg når du har det vanskelig.

Så eg råder deg til å oppsøke kontakt med HFU dersom det er best for deg og forklare korleis du har det. Du kan også seie noko om tankane du har om at du syns det er litt vanskelig å vere der fordi du kan vere redd for å vere masete og teit slik at dette blir satt ord på.

Eg ynskjer deg alt godt og håper at du får kontakt!

Med beste helsing psykologen

Besvart: 31.12.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål