Alt kjennest vanskeleg, og eg har tankar om å skade meg. Kva skal eg gjere?
Så eg e 013 men eg liker ein gutt som e 011 og d e lism ikke bra og eg sa d t ein av venen mine som eg stoler på men så nå i dag driv ho å ropte eg liker han duden og nå e eg litt red for st han eller noen andre hørte d og så sier di d t han og så e d så jwl mye stress med skolen og sån og eg veit at d egt ikke e så mye lekse men d føles ut som om at d e så jwl mye for meg lism og e føler at eg sliter veldig med skolen akkurat nå og eg hvet lism ikke hva eg ska gjøre og eh føler at eg ikke har noen å si d til siden eg føler meg så jwl dum når eg snakker om d og eg veit at venen mine kommer til å gjøre d til ein joke visst eg sier d til di og eg har gått til helsesøster veldig ofte nå for tiden og d e skikkelig ubehagelig å snakke med hun fordi hun tror at eg har spiseforstyrrelser selv om eg hveit at eg ikke har det og så vurderer eg å overdose på såne tabeleter for hodepine og sån lism men eg hveit ikke om d kommer t å fungere og eg har hat veldig lyst t å gjøre selvskading i d siste
Hei
Det høyrest ut som du har mykje å bere på akkurat no. Det var vondt at venninna di ropte ut noko du hadde fortalt i tillit. Når skulen også kjennest overveldande, er det forståeleg at det blir mykje. Du er ikkje dum som fortel om det. Eg er glad for at du skriv til oss.
Det viktigaste no er at du får hjelp med tankane om overdose og sjølvskading. Har du allereie teke tablettar for å skade deg, eller er du redd for at du kjem til å gjere det no, ring 113 med ein gong. Ikkje vent på symptom, sjølv om du kjenner deg i fin form.
Gå til ein trygg vaksen no, gjerne ein føresett, og vis fram det du har skrive til oss. Du kan seie: «Eg har tankar om å ta tablettar og skade meg, og eg treng at du er saman med meg og hjelper meg.» Ver saman med nokon, og be den vaksne ta vare på tablettar og ting du kan skade deg med.
Eg høyrer at du ikkje kjenner deg forstått av helsesjukepleiaren. Du kan gjerne seie til henne: «Eg opplever at du er mest oppteken av mat, men eg treng å snakke om kor vanskeleg eg har det.» Du kan også snakke med ein annan helsesjukepleiar, til dømes på helsestasjon for ungdom i kommunen der du bur. Det viktigaste er at du får hjelp no, og ikkje blir åleine med desse tankane.
Det er ikkje gale å vere forelska i ein som er to år eldre. Venninna di burde ha halde det du fortalde, for seg sjølv. Og skulen kan kjennast tung sjølv om det ikkje er mange lekser. Ein lærar kan hjelpe deg med å få oversikt og tilpasse arbeidet.
Eg håpar du tek kontakt med helsesjukepleiar, helsestasjon for ungdom eller fastlegen så snart som mogleg, helst i dag. Dersom det er vanskeleg å setje ord på det munnleg, kan du vise fram det du har skrive til oss her på ung.no. Du har allereie fortalt mykje om korleis du har det, og det kan hjelpe dei å forstå kva du treng hjelp med. Be gjerne ein trygg vaksen om å bli med deg. Du fortener å bli teken på alvor og få støtte. Dette skal du ikkje måtte handtere åleine.
Eg legg ved nokre artiklar og forslag til hjelpetenester du kan kontakte, under svaret her. Ta vare på deg sjølv!
Helsing helsesjukepleiar, ung.no
Besvart: 20.10.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



