Spørsmål og svar

Korleis skal eg få til sex dei første gongane?

Jente, 16

1. eg sliter med å vite min egen kropp, altså Spessielt vaginaen min e om eg veit kor klitoris og diverse er. Eg søker på nette der står det gådt forklart men eg sjønna ikkje om det er riktig. 2. eg har en kjæreste og han fingrer meg, det er heilt greit men koffor kommer eg ikkje? Veit at man må treffe klitoris. Men eg kommer ikkje eller får orgasme. 3. og føler meg også av og til litt dorlig etter eg sjølv har onanert, veit ikkje koffor men får litt hode pinne. 3. eg har ikkje hat sex enda men er har lyst og eg føler eg er klar og vi har prøvd men det går ikkje. Korleis kan eg ha sex når eg ikkje veit noke sjøl om min egen vagina? Eg prøver og utforske der sjøl men kommer ikkje noke vei med det.

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

  1. Det kan vere vanskeleg å finne ut av korleis kjønnet sitt ser ut, kvar klitoris og skjedeinngangen er. Den enklaste måten å finne ut av det er å setje seg på huk over ein spegel og bruke ei hand til å skille kjønnsleppene. Då kan ein få sett klitoris, urinrørsopninga og inngangen til skjeden. Det kan også vere fint å sjå denne episoden frå Newton om jentetissen.
  2. Den mest vanlege forklaringa på kvifor ein ikkje kjem når nokon fingrer ein er at det ikkje skjer på den måten ein liker det. Det er derfor lurt å bruke litt tid på å finne ut korleis ein liker å onanere seg til orgasmer og så fortelje den andre korleis ein vil ha det. Det er og fint å seie ifrå undervegs om noko er spesielt bra eller dårleg. Her kan du lese meir om onanering og korleis ha sex dei første gongane.
  3. Når ein onanerer åleine eller har sex med nokon, er det vanleg å spenne musklane i ulike deler av kroppen. Etter ein kjenner seg ferdig og orgasmen har kome, slapper ein av i musklane. Då kan ein få hovudverk.
  4. For at sex og samleier skal verte ei god oppleving, er det viktig at skjeden er tilstrekkelig fuktig og utvida før ein tek imot ein penis. Det kan ta frå nokre minutt til ein halvtime med ulike former for stimuleringer før skjeden er klar. Prøv deg fram og kjenn etter kva som fungerer for deg. Det kan og vere fint å vite at omlag 70% av alle jenter treng å få stimulert den delen av klitoris som er synleg og tilgjengeleg på utsida av kroppen for å få orgasmer.

Synes du dette er vanskeleg, kan det vere fint å ta ein tur innom helsesjukepleiar på skulen din eller helsestasjon for ungdom. Då kan eventuelt legen eller jordmora syne deg korleis kjønnet ditt ser ut, kva klitoris er og kvar du kan finne skjedeinngangen.

Lukke til!

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 16.6.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Spørsmål og svar som ligner

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål