Spørsmål og svar

Kva skal til for at eg får orgasmer?

Jente, 16

ej og typen he sex ganske ofte, men ej he aldri komt. ej hekje engang blitt litt påskrudd av sjølve penetreringa og føle mej veldig dårlig fordi ej veit at han vil at ej også skal ha det godt. han spør ofte om det var deilig for mej og ej svara berre «nja» liksom. oss he prøvd å søke opp ka oss burde gjere og dei aller fleste sei at han eller ej må ta på mej sjøl for å stimulere klitoris og han he spurt om å få prøve å fingre mej og lignande, men problemet der e at ej he aldri tatt på mej sjøl og vil heller ikkje ta på mej sjøl. veit ikkje koffor ej e so imot det men det berre virka så rart? ka burde oss gjer?

Hei!

Dei aller fleste (rundt 70–80%) får ikkje orgasme av å berre få ein penis inn i skjeden. Det er heilt normalt og ikkje noko som er "feil" med deg eller kjærasten din. Klitoris er hovudkjelda til seksuell nyting for dei fleste kvinner, og den ligg utanfor skjeden. Les gjerne artikkelen vår om kjønnet ditt for å finne ut kvar klitoris er.

Ein god start er å bruke tid på å bli kjent med kroppen din og fantasiane dine:

  • Kva er det som gjer deg kåt? Kva tenkjer du på når du er kåt eller når du har sex med kjærasten din? Å tenkje på personer eller ting du kan gjere av sex vil vere viktig for å bli kåt og for å få orgasmer når du onanerer åleine eller har sex med nokon.
  • Det er fleire stader på kroppen din som er ekstra følsomme for stimulering, for eksempel øreflippane dine, brystvortene og innsidene av låra. Kva er dine områder? Om du selv eller den du har sex med tar på dine steder samtidig som du har sex, vil det vere enklare å få orgasmer.
  • Prøv deg fram og kjenn etter korleis du liker å onanere deg sjølv til orgasmer. Les gjerne denne artikkelen om onani. For å fortelje den du har sex med kva du vil skal skje, må du sjølv finne ut kva du liker.

Her er nokre forslag de kan prøve ut saman:

  • Manuell stimulering – kjærasten din kan bruke fingrane til å stimulere klitoris, anten åleine eller samstundes med samleie
  • Oralsex – bruk tunge eller lepper direkte på klitoris eller på sidene.
  • Bruke handa di sjølv under samleie – du kan stimulere deg sjølv samstundes, mange par synes det er naturleg og fint
  • Ta deg god tid – nok forspel er avgjerande; kroppen treng tid til å bli tilstrekkeleg opphissa

Snakk saman, fortell kvarandre kva de vil skal skje og prøv dykk fram. Etter kvart som de får meir trening vil de få det til.

Les gjerne artiklane våre om kva som skal til for at sex skal bli godt og om orgasme.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 11.6.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål