Spørsmål og svar

Korleis kan eg bli kåt?

Jente, 16

Hei, eg sliter å bli kåt. Eg veit ikkje ka det er men får en grunn er det ingenting eg blir kåt av. Eg har en kjæreste og når han fingrer meg blir eg litt kåt men ikkje så veldig berre veldig lite. Men eg veit ikkje eg vil bli kåt

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Når ein byrjer å utforske kroppen og seksualiteten sin, kan det vere vanskeleg å finne ut av hva det er som gjer ein kåt. Kanskje har ein aldri vorte oppmoda om å tenkje seksuelle tanker, kanskje har ein prøvd utan å få det heilt til.

For å få til å bli kåt, kan det vere fint å øve litt. Her er nokre tips:

  • Start med å tenkje gjennom om det er personer du kjenner er ekstra spanande eller tiltrekkande. Kanskje er det ein person du kjenner eller ein du veit kven er? Å tenkje på personer som ein liker og bruke fantasien til å sjå for seg korleis det kan kjennes å vere saman med personen kan gjere at ein vert kåt.
  • Det kan og hjelpe å tenkje på filmer ein har sett der folk har gjort noko romantisk eller seksuelt saman.
  • Bli kjent med kroppen din. Kroppen har fleire stader som er ekstra kjenslege for berøring og stimulering som til dømes øreflippane, brystvortene og innsidene av låra. Prøv deg fram, finn dine område og kjenn etter kva som gjer godt.
  • Det kan vere fint å bruke tid på å sjå på kjønnet ditt, bli kjent med kva dei ulike delane er og korleis det kjennes å fingre og onanere seg sjølv på ulike måter.

Og når du har funne ut av alt dette, er det fint å snakke med kjærasten din og fortelje han kva som fungerer for deg.

Får du ikkje noko ut av dette, kan det vere fint å ta ein tur innom helsestasjon for ungdom i kommunen din for å få meir råd og rettleiing der.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 17.6.2025

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål