Kvifor gjekk den ikkje inn?
Jente, 17
Hei, eg er ein 16 snart 17 år gammel jente som har et spørsmål. Eg har lenge onanert og fingra meg sjølv, og da går heilt fint. Men når eg og typen min sku ha sex for først gang, gjekk ikke penisen inn, og ikke finger hans eingang, da gjord veldig vondt for meg. Han va veldig snill med meg, så me forsatta bare me klining. Men spørmsålet mitt er kvifor han ikke fekk den inn når eg før har fått ting inn. Og eg vil sei eg var kåt og eg kom han har lekte meg clitorisen min. Eg har sikklig lyst til å ha sex med han, men eg skjønne ikke ka som skjer. Takk på forhånd.
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss på ung.no
Det du fortel om i spørsmålet ditt er noko svært mange kan kjenne seg att i. Dei første gongane ein prøver på samleier er det ganske vanleg å ikkje heilt få det til. Ein kan lure på om ein ser bra nok ut og om ein gjer ein god nok jobb for den andre. Nokre kan lure på om ein skal seie noko eller lage lyd. Det kan og vere vanskeleg å vite korleis ein skal halde bein og armer. Og det kan være vanskeleg å vite korleis ein skal gjere det godt for den andre. Alt dette kan gjere at ein spenner seg og ikkje får til å slappe av og nyte det som skjer.
Når ein skal ha samleier, er det viktig at ein kjenner seg klar og at ein faktisk har lyst på sex og samleier med personen ein er saman med. Det er og viktig at ein får dei formene for stimuleringer ein liker og treng.
Det er mykje som skjer i kroppen når ein er kåt; hjartet slår fortare, brystvortene vert stive og huda over heile kroppen kjennes meir kjenslevare. Ein kan kjenne det dunke hardt i tissen, kjønnsleppene veks vert mørkare på farge. Klitoris veks og blir stiv. Skjeden utvider og trekk seg innover i kroppen. Det vert produsert fukt i skjeden slik at den vert ordentleg våt. Alt dette kan ta fra nokre minutt til ein halvtime. Prøver ein å ta imot ein penis før skjeden er klar, kan det kjennast trangt ut og det vert vanskeleg eller umogleg å ta imot noko.
Neste gong er det difor fint om du har tenkt gjennom og funne ut av kva det er som gjer deg kåt og kva for seksuelle fantasier du har. Då veit du litt om kva du kan trenge av stimuleringer. Det er og fint å kjenne etter korleis du liker å onanere og fingre deg sjølv. Alt du finn ut om deg sjølv og det du liker er det fint om du deler med den du skal ha sex med. Ingen kan gjette seg til kva den andre liker og difor må ein få til å snakke saman.
Og; ingen vert god til noko utan å øve - det gjeld og sex og samleier. Etterkvart vert det enklare og går betre.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS
Besvart: 8.5.2023
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
