Spørsmål og svar

Eg fekk ikkje kuken inn, hva skal vi gjere?

Gutt, 16

Hei, EG spurte får 1 veke sia ca, men eg følte eg ikkje helt fekk svar på det eg spurte om. Eg spurte om at eg og dama mi prøvde og ha sex i boblebassenget men følte ikkje at kuken min ville inni ho, men ho var våt kjente eg. Så eg vet ikkje er det noe som feiler kuken min? ( ikkje send noe link vill ha svar på det eg spørr om.)

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no

Sjølv om ein ligg i eit boblebasseng og skjeden kjennes våt, treng den likevel ikkje vere tilstrekkeleg utvida og fuktig nok til å ta imot ein finger eller penis.

Når ein kjenner seg kåt og klar for samleier og får dei stimuleringene ein liker og trenger, skjer det mykje i kroppen. Hjartet slår raskare, brystvortene veks og vert stive og huda over heile kroppen vert meir kjenslevar. Kjønnsleppene veks og blir større. Klitoris veks og vert stiv. Skjeden utvider og trekk seg innover i kroppen. Etter kvart vert det produsert fukt slik at skjeden vert ordentleg våt. Alt dette kan ta frå nokre minutt til ein halvtime. Kjennes skjeden trang ut slik at ein ikkje får inn penis, er ikkje skjeden klar enno.

Skal samleier kjennes godt ut for dykk båe, er det viktig at de snakker saman og finn ut av hva de forventer og treng av kvarandre for at det skal verte mogleg å ha samleier. Det er vanskeleg å gjette seg til kva nokon liker og treng, difor må ein snakke saman for å sikre seg at båe for ei like god oppleving av sexen.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS

Besvart: 31.5.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål