Eg får ikkje pikken inn i meg, kva skal eg gjere?
Jente, 16
hei!eg har prøvd å ha sex med min forgje kjærste og min nye kjærste men begge gangene har ikkje pikken komt inni meg! kva betyr det?
Svar
Hei!
Så fint du skriv til oss når du lurer på noko.
Det er veldig vanleg å ikkje heilt få til sex og samleier dei første gongene ein prøver. Kanskje er ein litt stressa, usikker og uroleg. Ein kan kjenne seg usikker på kva det er som skal skje, kva ein vil skal skje og kva forventninger den andre har til ein. Alt dette, og kanskje andre ting og, gjer at ein ikkje får til å slappe av og nyte det som skjer.
Og når ein ikkje får til å slappe av, vil ikkje skjeden utvide seg og bli så fuktig som den trenger for at samleier skal kjennes gode. Den vil vere for trang og for tørr. Då vert det vanskeleg å få inn ein penis og det kan gjere vondt om penis klarer å kome inn i skjeden.
For at det skal gå å gjennomføre samleier, er det nokre ting som må skje:
- Først av alt; ein må kjenne seg kåt og klar til samleier før ein prøver å ta imot ein penis. Ein god start kan difor vere å bruke litt tid på å tenkje gjennom kva det er sin gjer ein kåt.
- Og når ein kjenner seg klar; kva for stimuleringer liker og trenger ein? Kva skal til for å få orgasmer? Det kan vere fint å vite at omlag 70% av alle jenter treng å få stimulert den delen av klitoris som er synleg og tilgjengeleg på utsida av kroppen for å få orgasmer. Det å berre få ein penis eller finger inn i skjeden vil ikkje vere god nok stimulering.
- Det kan vere fint og nyttig å bli kjent med korleis kjønnet ser ut. For å få til det, er det fint å setje seg på huk over ein spegel slik at ein får sett heile kjønnet. Bruk fingrane til å skilje kjønnsleppene slik at det vert mogleg å sjå klitoris, skjedeinngangen og urinrørsopninga.
Det er og fint å snakke med den ein skal ha sex med. Sjekk ut kva den andre liker og forventer skal skje. Sjølv om det kan kjennast litt pinleg eller vanskeleg å snakke om sex, er det viktig å få til sidan ingen kan gjette seg til kva den andre liker.
Og; ingen blir god til noko utan å øve. Etter kvart som ein får meir erfaring vil ein bli tryggare på seg sjølv. Då vert det lettare å få til samleier og sex.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 21.9.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

