Spørsmål og svar

Eg er kåt og vil ha sex, korleis kan eg øve?

Jente, 13

Hei eg er veldig kåt på og ha sex, men eg har kje hatt sex før kva ska eg gjer for og øve?

Svar

Hei!

Så fint du skriver til oss på ung når det er noko du lurer på.

Det er fint å øve seg før ein har sex med nokon og den beste måten å øve på, er å verte kjend med sin eigen kropp og sine eigne fantasier. På den måten finn ein ut kva det er som gjer ein kåt og korleis ein kan gje seg sjølv orgasmer.

Ein god start er å tenkje gjennom kva det er som gjer deg kåt og kva for seksuelle fantasier du har. Dei aller fleste bruker fantasiane sine for å få orgasmer når ein onanerer åleine eller har sex med nokon.

Det neste er å verte kjend med kroppen din. Kvar på kroppen kan det kjennes godt å bli tatt på og på kva måte? For eksempel kan øyreflippane og brystvortene vere ekstra følsomme.

For å onanere på ulike måter, er det lurt å verte kjend med korleis det ser ut. Set deg på huk over ein spegel og bruk handa til å skilje kjønnsleppene slik at du får sett kvar klitoris, urinrørsopningen og skjedeopningen er. Prøv deg fram med ulike måter å onanere. Den beste og enklaste måten å onanere på er å stimulere den delen av klitoris som er synleg og tilgjengeleg på utsida av kroppen. Ein kan like å ta direkte på klitoris, eller på sidene av den. For nokon kan det kjennes godt ut å bruke eit V-grep, der ein stimulerer båe sidene av den. Bruk spytt eller andre former for fukt for å gje ei ekstra god kjensle.

Lukke til!

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 20.10.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål