Spørsmål og svar

Kva kan eg gjere når eg likar å sjå to jenter kysse?

Jente, 15

Hei. Eg veit ikkje heilt kosen eg ska sei da, men eg prøve. Kvar gong eg ser på to jente så kysse så kjenne eg ein varme ein liten kribling i magen. Eg blir avslappa og eg har liksom lyst te å vær den eine som er der. Eg har lyst te å vær nær og ta og kyssa. Men eg veit ikkje om eg like jente. Men eg blir bare sån vis eg ser at det er to jenter som kysser ikkje vis det er ei jente og ein gutt. Ka kan eg gjer??? For eg har ein go følelse men eg vil at den ska bli virkelig.

Svar

Hei!

Takk for at du skriv til oss om det du kjenner på.

Det er fint å høyre at du kjenner ei god kjensle i kroppen av å se to jenter som til dømes kyssar. Det er heilt normale reaksjonar og det betyr at du har god kontakt med kjenslene dine. Det er mange som kan kjenne seg igjen i det du skildrar.

Mange kan oppleve å få seksuelle draumar og oppleve at dei har har lyst å ta del i til dømes seksuelle handlingar som ein ser på nettet. Dette er ein fin måte å bli betre kjent med seg sjølv på. Våg å utforske det du likar.

Det kan også vere godt å onanere til desse fantasiane og se for seg at ein sjølv er med på det ein fantasere om. Dette gjer at du også blir kjent med kroppen din og kva som til dømes gjer deg kåt og opphissa.

Fortsett å utforske det du kjenner gir deg gode og deilige kjensler. Dette kan vere ein fin måte å bli trygg på seg sjølv og kva du tiltrekkast av.

Lykke til!

Hilsen helsesykepleier, ung.no

Besvart: 22.11.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål