Korleis kan eg gi slipp på følelsane mine for ho?
Gutt, 16
Eg var i eit forhold for ei god stund sida, eg savner denna personen frykteleg, men ho vil ikkje ha noko med meg å gjøra, eg skjønar ikkje kvifor, det virkar som om ho bara vil ha gutar som ikkje likar henne tebake. Eg har gitt ho alt eg kan, men til ingen nytte. Eg har prøvd å snakka med andre jentar, men eg følar ikkje det samma som eg gjorde med ho, og det endar med at eg behandlar andre, på ein måte slik som ho behandla meg, bare at eg ikkje kommer tilbake kvar andre månad fordi eg «savnar» dei (ex-en gjer det) bara for att dra igjen. Kvifor greier eg ikkje føla noko for andre jente enn ho? Eg har fortsatt følelsar for ho, og eg klarer ikkje gi slipp på dei, men eg ønskar at eg kunne og har ikkje peiling kvar eg kan starte.
Svar
Hei!
Takk for at du deler dette med oss<3 Det kan vere tungt å ha så mange kjensler for nokon som ikkje kjenner det samme tilbake. Heldigvis kjem det ikkje til å vere sånn for alltid<3
For at det skal bli lettare for deg å gi slipp på kjenslene du har for ho, trur du det kan vere lurt å prøve å få snakka ordentleg ut om nokre ting med ho? Om du framleis går med spørsmål du ikkje har fått svar på, eller det er ting du skulle fått sagt som du ikkje har fått sagt, kan det gjere det vanskelegare å gå videre. Om du trur det kan vere godt for deg, kan du seie at du treng at dokker pratar om nokre ting saman for at du skal klare å gå vidare.
Bortsett frå det gjeld det å veksle mellom å få utslipp for det du kjenner, og å få noko anna å fokusere på. Har du nokon du kunne prata om kjenslene dine med? Nokon heime, eller helsesjukepleiaran på skulen din? Å få satt ord på ting gjer det lettare å gi slipp, og få sortert tankane.
I tillegg kan det vere godt å få fokusert på å andre ting som gjer deg glad. Å vere i fysisk aktivitet, vere ute, vere med gode venner, få kjent med nye venner, bruke tid på en hobby, hjelpe nokon, lære noko nytt, eller starte et prosjekt, kan vere eksempler. Da får du kjent meining i andre ting, og kjent at andre ting kan vere viktige.
Om du ikkje er klar for å ha kontakt med andre jenter enno, er det ikkje sikkert det er best for deg å gjere det. Kanskje treng du heller å fokusere på litt andre ting akkurat no. Det vil kome med tida<3 Om du ikkje kjenner noko for nokon andre no, kan det både bety at du ikkje har truffet den rette enno, og at du ikkje er klar for å gå vidare helt enno. Men det finnes andre jenter du kan bli like forelska og glad i som ho, sjølv om det ikkje kjennes sånn ut akkurat no!
No er savnet frykteleg sterkt, men stol på at det ikkje betyr at det kjem til å vere sånn for alltid. Dette kjem til å bli betre<3
Ønskjer deg alt godt!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 26.11.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
