Spørsmål og svar

Er skikkelig forelska i kusina mi. Føle meg så ekkel og skamfull.

Gutt, 15

Eg e forelska i kusina mi. Eg vet det e kjempeekkelt men la meg forklare. Eg hakke hatt spesielt mye kontakt med hu, og nu møtes vi for første gang på non år. Eg ser ikke på hu som kusine liksom. Og eg e skikkelig forelska i ho. Kordan stoppe eg dette? Eg føle meg så ekkel og skamfull.

Svar

Hei!

Takk for at du skriver til oss!

Du treng ikkje å føle deg ekkel og skamfull for at du er forelska i kusina di. Å vere forelska i nokon vi helst ikkje burde vere forelska i, er noko som kan skje alle, og det gjer deg ikkje ekkel. Det som har noko å seie, er om vi gjer noko meir med kjenslene, eller om vi bare lar dei vere.

Altså: Det går helt fint at du er forelska i ho, og du har ikkje noko å skamme deg for! Det viktigaste er at du ikkje flørtar med ho, og det høyrast det jo ikkje ut som du har tenkt til.

Heldigvis går dei fleste forelskelsar over av seg sjølv, når vi ikkje kan gå vidare med dei. Men det kan hjelpe på å få ho litt på avstand, og kanskje ikkje se ho så ofte. Følger du ho på nokre sosiale medier, bør du ikkje oppsøkje ho der.

Du kan gjerne starte å vere litt på utkikk etter nokon andre å vere forelska i. Blir du eksponert for nye folk, er det lettare å gi slipp på ein annan.

Eg trur også at det blir lettare å komme over ho om du ikkje skammar deg så mykje, men tenker at det er som det er, og at det går greit! Da blir ikkje kjensla så tabu, og ho blir lettare å forhalde seg til.

Snakk gjerne med nokon om dette også, om det plagar deg mykje.

Du var uheldig no, men stol på at du kjem til å finne nokon andre å bli forelska i, og som du faktisk kan prøve å få til noko meir med<3 Det vil du gjere!

Dette ordnar seg!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 17.8.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål