Spørsmål og svar

Er introvert, redd for å snakke med ho og for å bli plaga.

Gutt, 14

Er ei jente i klassen som eg er tiltrukken til. Ein meget fin jente. Problemet eg har er at eg introvert og er redd for å snakke med ho. I tillegg er eg redd for at folk på skulen skal starte å plage meg for å spørre ho ut.

Svar

Hei!

Takk for spørsmålet ditt!

Eg forstår godt at det kan vere vanskeleg å prate med denne jenta som du er tiltrekt av.

No gjeld det å finne måter å prate med ho på sjølv om du er introvert. Eit godt tips kan vere å ta tak gjennom kva du gjer med kroppen din: Prøv å ha beina godt planta i bakken, åpne opp i brystet, løfte hovudet litt, ha augekontakt, smile, og få skuldrene ned og bak. Øv deg gjerne før du pratar med ho.

Den andre tingen er å ta dette gradvis. Du kan byrje med å trene deg på å smile til ho, og si hei. Så kan du prøve å spørje ho korleis det går, stille ho eit spørsmål om noko frå pensum, eller noko anna du kjem på. Små steg, så skal du se at dokker blir betre kjend! Og hugs at det er nok hyggeleg for ho at du gjer ho positiv merksemd!

Om nokon plager deg for å spørje ho ut, så hugs at det ikkje har nokon effekt om du ikkje lar deg påvirke av det. Dessutan: Kva er det eigentleg å plage deg for? Om dei vel å plage deg for å ha kjensler, så er jo det noko alle har uansett! Dei som viser det, er berre modige!

Lukke til, dette greier du!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 28.12.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål