Bør eg fortelje bestevenen min at eg trur eg er homofil og likar han?
Gutt, 13
Hei eg trur eg er homo og eg trur eg liker bestevennen min som er gutt og vet ikkje kva eg skal jøre bør eg sei det eller ikkje
Svar
Hei
Så fint å høyre at du har funne ut kven du er glad i. Det er mange ungdommer som opplever å få romantiske kjensler for ein nær ven. Det kan vere nettopp fordi ein kjenner kvarandre godt, føler seg trygg på den andre, og fordi puberteten er ein fase i livet der mange kjenner sterkare romantisk og seksuell tiltrekning til andre.
Det er ikkje alltid så lett å vite om ein er homofil eller ikkje, men ein kan tenkje og utforske kjenslene sine for å finne meir ut av det.
Har du snakka med vennen din om kven de liker, eller kva kjønn de får kjensler for? Kanskje du kunne spurt han om han nokon gong har vore nysgjerrig på gutar, sjølv om han kanskje liker jenter? Viss de snakkar om det på eit generelt grunnlag først, kan det vere lettare for deg å fortelje han kva du opplever.
Viss du føler deg trygg nok til å seie kva du føler, kan du ikkje vite korleis han vil reagere, men du kan seie at du synest det er skummelt å fortelje det, og at du ikkje veit kva han vil tenkje – men at du uansett vil vere venen hans vidare, sjølv om han ikkje føler det same.
Øv deg gjerne litt for deg sjølv ved å skrive ned tankar eller tenkje gjennom det, slik at du er meir førebudd.
Viss du vil snakke med nokon utan å seie kven du er, kan du få fleire råd frå ei av hjelpetenestene du finn under artiklane.
Lukke til!
Håpar svaret var til hjelp for deg. Ønskjer deg alt godt.
Helsing helsesjukepleiar og sexologisk rådgivar, NACS
i samarbeid med ung.no
Besvart: 1.7.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
