Spørsmål og svar

Opplevde eg eit angstanfall, og korleis kan eg handtere det?

Jente, 14

Hei ,eg held på med masse i fritida mi men eg har det siste halv året hatt utruleg vondt i knea mine,det er så vondt att eg har slutta på to av fritidsaktivitetane mine . Men det eg egt ville snakke om var at eg har så innmarig prestasjons angst og det tar lks over heile meg . Me hadde fotball kamp i dag og eg måtte av bannen 2 ganger fordi eg ikkje fekk puste -eg er diagnostisert med Asthma men det føltes lks ikkje ut som eit astma anfall det var meir som at eg vart kvelt og at masse skumle tanker dukka opp i hodet og ville ta meg det varte i sikkert 5-10 min og var sjukt ubehageleg. Når eg er på bannen er det denne intense følelsen av at alt er mi. Feil og at eg ikkje greie noko , eg pleier og trykke fingerspissene sammen i ein rytme som lar meg få meire kontroll eg gjer dette uten at eg tenker over det . Asthma eller angstanfall Og kordan kan eg snakke med mamma om å teste meg for angst ?? Og kordan hindre dette ?

Svar

Hei!

Så fint at du tek kjenslene på alvor og stiller spørsmål når noko endrar seg.

Det er trist å høyre at knea er vonde og at du derfor ikkje får spelt så mykje som du pleide. Håpar du har teke det opp med fastlegen og fått undersøkt kva som kan vera årsaka til det.

Det du beskriv høyrest ut som at det kan ha vore eit angstanfall/panikkanfall. Det kan passa med at du kjenner på ein del prestasjonsangst, og at du fekk eit anfall som var prega av mange tankar i hovudet og ei intens vond kjensle av skuld og ubehag.

Samstundes kan ikkje vi i ung.no diagnostisera eller føreslå behandling, derfor er det veldig fint at du tenkjer på å snakke med mamma om dette. Eg forstår at det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal seie, men det å forklare korleis du opplevde anfallet og at du ønskjer hjelp er ein veldig fin start. Bruk gjerne det du har skrive over!

Det kan også vera fint å snakka med til dømes fastlegen eller helsesjukepleiar om dette! Dei kan vere gode samtalepartnarar og foreslå løysingar til korleis handtera slike tankar og kjensler.

Det finst fleire tilnærmingar til å bli kvitt slike anfall, og det er faktisk mange som opplever å mestre anfalla. Panikk-/angstanfall er skumle og ubehageleg, men dei går over av seg sjølv. Ofte kjem dei som eit resultat av noko underliggande som ein kan ha behov for hjelp til å handtere.

Du kan lese meir om angst og tips til handtering her:

Det viktigaste er å ikkje sitje med kjenslene og tankane åleine, men snakke om det med nokon du stoler på og få hjelp til å handtere dei.

Du er modig som snakkar om det!
Ønskjer deg alt godt.

Venleg helsing legen, ung.no

Besvart: 1.5.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål