Har krangelet med vennen min, kva bør eg gjera?
Jente, 13
Hei, Eg og ein av bestevennene mine har krangla. Det var berre ein liten ting, men no ignorerer ho meg. Eg har sendt melding og sagt unnskyld og spurt om me kan bli venner igjen, men ho svarer ikkje. Eg har snakka med den andre bestevennen min om dette. Ingen av oss veit Kva me skal gjere. Eg har lyst til at alle tre skal vere venner igjen. Kva kan Eg gjere
Svar
Hei
Det er fint at du har sagt unnskyld. Det er fint å kunna seia det. Kanskje vennen din treng litt tid på seg.
Av og til treng folk tid åleine for å tenkja gjennom ting og roe ned kjenslene sine. Det kan vera lurt å venta litt før du prøver å kontakta henne igjen.
Det er vanleg for venner å krangla. Det er jo då veldig fint om ein klarer å ordna opp. Når du har gitt henne litt tid kan du prøva å senda ei melding. Eg trur ikkje du treng å bekymra deg, de kjem sikkert til å bli venner igjen.
Men kanskje du må vera litt tolmodig. Snakk gjerne med den felles vennen vidare. kanskje ho kan vera ein som får til at de snakkar saman igjen. Kanskje de kan planleggja ein felles aktivitet.
Lykke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 1.5.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål