Har eg teikn på ein personleghetsforstyrrelse?
Jente, 15
Hei, eg føle eg kanskje sliter med noe. Siste 10 mnd har eg slitt masse med presentasjonar, ver ute blandt folk å i generelt å snakka mer folk. Eg stamme ufattelig mykje, å eg føle at alle dømme meg no, koss eg går, ser ut, kass kler eg har på, sminken min, kroppen min, generelt berre alt. Eg føle eg må skifta personlighet ette kven eg snakke med, å no føle eg kje at eg har ein personlighet meir. Eg falle ofte inni tider med djup depresjon der eg drive med sjølvskading. Folk går rundt å seie at eg har ein personlighetsforstyrrelse å ler av da. Men kva er ein personlighetsforstyrrelse? Har eg nokre teikn til da (Uten å bli diagnosert), å er ditta alvorleg? (Eg har aldri fått profesjonell hjelp, å ingen veit koss eg har da/å at eg drive med sjølvkutting)
Svar
Hei
Så bra at du endeleg deler desse strevsame tankane med nokon, oss.
Alt dette du skildrar bør du ikkje streve med aleine, men få hjelp med. Når ungdom strevar på den måten du fortel om, er det viktig å snakke med nokon. Det bør vere nokon vaksne som kan sørgje for at du får riktig hjelp.
Du spør om du har teikn på ein personlegheitsforstyrring. Eg tenkjer reaksjonane dine på ein frykteleg vanskeleg situasjon kan vere normale. Det å oppleve at mamma eller pappa prøver å ta sitt eige liv skapar masse vanskelege kjensler for deg som barn/ungdom. Av og til er det vanskeleg å sjølv finne gode måtar å handtere alle dei vanskelege kjenslene på. Nokon ungdommar utviklar måtar å takle vanskelege dagar og vanskelege kjensler på som er uheldige og skadelege for seg sjølv. Det betyr ikkje at det er noko gale med deg. Det betyr berre at du har det vanskeleg og ikkje heilt veit korleis du skal finne ein måte å leve med dei vanskelege kjenslene dine.
Det finnast hjelp å få. Om du synast det er vanskeleg å snakke med foreldra dine fyrst, kan du ta kontakte med helsesjukepleiar på skulen. Helsesjukepleier er kjend med korleis du kan få anna hjelp. Saman kan de snakke med foreldra dine. Det er nok lurt at dei er kjend med korleis du har det.
Om du ikkje har lyst til å gå til helsesjukepleiar aleine, kan du kanskje ta med deg ein ven eller venninne. Ofte er det lettare å ha nokon med seg som kjenner deg.
Fastlegen din er også ein person du kan kontakte for å få hjelp.
Eg håpar du ber om hjelp og finn nokon å snakke med. Dette bør du få hjelp med. Eg legg ved nokre artiklar til deg som kanskje kan være til hjelp.
Ynskjer deg alt godt.
Helsing frå ung.no
Besvart: 28.1.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

