Spørsmål og svar

Kva kan nytte når eg stressar mykje og opplev at alle dagar er like?

Gutt, 17

Hei, no vil eg berre sortere tankane litt so eg skriver til dokke. Kvifor er livet so vansklig akkurat no?? Skule so rett på jobb so skule arbeid, å rett på skule igjen, same rutine som eg er veldig lei av???!! Ni veit eg ikkj heilt! Eg strssa veldi mykje over fremtiden min, er siste året på vgs. Og skal jo snart flytte til høgskule eller det eg kjeme inn på. Sl det er berre mykje som skjer som eg stresse over. Har dokke noke råda som eg kan få slik eg kan roe meg litt å ikkje tenke for mykje, fordi det føles ut som at det gjekk over sosial livet mitt og slt det der, skal ikkj lyge det er sjukt mange som har same problemet på skulen og som eg kjenner, kan ikkje verden gjer noke med ditte her? Takk for at dokke gidde p høre på ditta her

Svar

Hei!

Takk for at du skriv til oss om det som plagar deg. Det er lett å ikkje ha det bra og oppleve at kvardagen kan vere vanskeleg.

Samstundes veit eg at du kan få det betre. Her kjem noen råd:

  • Skriv ned det du stressar over. Prøv å skrive så direkte og konkret som mogleg. Når vi skriv ting ned blir det ikkje liggande å surre rundt i hovudet. Det kan hjelpe deg.
  • Prøv å spørre deg sjølv: Kva er det verste som kan skje om det ikkje blir slik eg trur eller ynskjer? Ofte blir stress vi kjenner på så stort og vanskeleg å tenkje på at det kan hjelpe å sjå litt "større" på ting.
  • Snakk med noen du stoler på om dette. Nokon opplev også at det er godt å snakke med foreldra sine eller helsesjukepleiar på skulen.
  • Når kjenner du deg roleg og glad? Er det noen gonger du kan gløyme det vanskelegeskolen, kva gjer du da? Kva liker du å gjere? Prøv å finne svar på noe av dette. Det hjelper å gjere noe vi likar og kosar oss med når vi kjenner oss stressa og urolege.
  • Når du kjenner deg stressa kan det også hjelpe å si til seg sjølv: "nå er eg stressa, og det er heilt ok" eller "no er eg stressa og det er lov". Når vi kjennear at det vi føler blir ikkje kjensla sterkare, men faktisk litt mindre.
  • Sett av eigen tid til å bekymre deg. Det kan vere eit tidspunkt på dagen. Då kan du tenke at akkurat no får eg ikkje gjort noe med dette, det kan eg heller tenke på det seinare i den faste "bekymringstida".
  • Sjå gjerne denne lille filmen frå NRK-serien kort fortalt om plagsomme tanker og stress.
  • For at dagane skal opplevast meir ulike kan det hjelpe å gjere noe aktivt. Det trenger ikkje å vere stort. Alt frå å besøke ein stad du ikkje kjenner til, lage noe, lære deg noe nytt, bli kjent med noen nye mennesker eller sjå på andre nettsider du ikkje plagar å vere innom. Alt dette kan gje ei oppleving av at ikkje kvardagen er heilt lik.

Lykke til!

Helsing helsesjukepleiar, ung.no

Besvart: 25.8.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål