Kva gjer eg når eg strevar psykisk med depresjon og angst?
Eg sliter kjempe mye mentalt. Eg har angst og e deprimert. Sliter med å komme meg på skolen. Har kjempe lyst til å ta livet mitt. Går til bup men det hjelp ikkje. Ka gjør man i dennne situasjonen
Kjære deg
Eg ber deg halde ut, sjølv om det kjennest skikkeleg vanskeleg ut akkurat no.
Fordi eg veit at du kan få det betre.
Du er viktig og umissande.
For å hjelpe deg sjølv, ber eg deg følgje dei råda du får hos BUP. Det er heilt nødvendig for at behandlinga skal hjelpe deg på sikt. Det tek tid for hjernen og nervesystemet ditt å venne seg til nye impulsar og reaksjonar.
Følg behandlingsprinsipp for angst og depresjon.
Her får du nokre råd av meg:
- Sørg for at du har ein regelmessig døgnrytme, med nok søvn og kvile.
- Et regelmessige måltid med nok mat og variert kost. Det er faktisk den viktigaste medisinen din.
- Gå ein tur i dagslys kvar dag. Gjerne utan solbriller slik at du får dagslys inn i auga. Det er fint for hormonproduksjonen.
- Gå gjerne litt raskt for å få mosjon.
- Gjer hyggelige ting med nokon du liker å vere saman med.
- Spel musikk som gjer deg glad, og syng gjerne av full hals til teksten.
- Ta pausar frå sosiale medium og skjerm, fordi desse tinga stressar nervesystemet ditt.
- Finn ei god pusteøving du kan gjere når du kjenner du blir stressa. Mange opplever meditasjon og yoga som god medisin.
Ønsker deg alt godt.
Vennlig hilsen psykiatrisk sykepleier for ung.no
Besvart: 8.9.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

