Spørsmål og svar

Kan eg jobba i barnevernet sjølv om eg har arr etter sjølvskading?

Jente, 18

hei. Eg er 18 år og vil jobbe innan barnevern når eg blir eldre. problemet er at eg har drevet en del med sjølvskading når eg var yngre, og har fått synlige arr på armen min. eg er redd for at eg ikkje kan få jobb innan barnevern med slike merker på kroppen min. er det sant? eller kan eg få jobb inann barnevern sjølv om eg har arr?

Hei!

Så fint at du deler dette, og så bra at du allereie veit kva du har lyst til å jobba med!

For å svara kort på det du lurer på: Det er mogleg å jobba i barnevernet sjølv om du har arr etter sjølvskading. I seg sjølv er ikkje dette noko som automatisk hindrar deg i å få jobb. Når ein søkjer jobb i barnevernet, er det først og fremst utdanning, kompetanse og personlege eigenskapar som blir vurderte.

Det er altså ikkje slik at synlege arr automatisk gjer at du ikkje får jobb i barnevernet. Du treng heller ikkje nødvendigvis å forklara dette til ein arbeidsgivar, med mindre du sjølv ønskjer det.

Samtidig er det forståeleg at du tenkjer på dette og er bekymra. Mange som har vore gjennom vanskelege ting tidlegare, kan kjenna seg usikker på korleis det blir kan bli møtt i jobb.

Om du framleis kjenner på tankar om dette, kan det vera fint å snakka med nokon du stoler på, til dømes ein rådgivar på skulen eller helsesjukepleiar. Dersom du ønskjer å snakka meir om utdanning eller jobb kan du kontakta ein karriererettleiar grats og anonymt via tenesta karriereveiledning.no.

Eg håpar dette kan hjelpa deg litt på vegen og at valet vidare kan kjennast tryggare!

Lykke til!

Med vennlig hilsen

Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no

Besvart: 12.6.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål