Spørsmål og svar

Korleis er vegen til fagbrev og kven skal kontaktast?

Gutt, 20

Hei. Siden bacheloren ikkje gjekk så bra, lurer eg på hvordan eg skal komme frem til lærling løpet, evt innen elektrofag. Vet at det er mykje plasser som er tatt på elektro, men spesialisering er noge mindre. Likevel frykter eg at eg ikkje har nok kompetanse i fremtidig jobb om eg tar spesialisering (automatisering) fordi elektrofagbrevet er så sterkt. Så kordan er egentlig vegen til å finne lærlingplass? Kem skal kontaktes? Og er det moglegheit å ta fire år i bedrift istedenfor 2 år skole 2 år bedrift? Er dette enkelt i Bergen og omegn? Takk, vennlig hilsen Gutt 20 år

Svar

Hei!

Så fint at du tek kontakt og takk for nokre gode spørsmål!

Ulike vegar til fagbrev og finne lærlingplass
Slik eg forstår deg så lurer du på høva dine til å fullføra vidaregåande utdanning med lærlingtid for å fullføra eit fagbrev innan elektro. Her finst det litt ulike løysingar og eg vil tipsa deg om å sjekka ut eit verktøy på utdanning.no som heiter "Veien til fagbrev". Her kan du plotta inn opplysningane dine og finna ut av dei moglegheitene som finst. Det er mogleg å ta fagbrev på jobb dersom du har ein jobb som er villig til å gi deg opplæring.

Korleis kan du finna ei lærebedrift sjølv
"Finn lærebedrift" kan du søkja opp moglege lærebedrifter, her vil du få informasjon om korleis du kan gå fram. Før inn ditt område og kva fag du ønskjer, så vil du kunna få opp nokre alternativ.

Kven skal kontaktast?
Det er fylkeskommunane som har ansvar for all vidaregåande utdanning, så det vil vera lurt å ta kontakt med dei. Her er ei informasjonsside om fagbrev på jobb ved Vestland fylkeskommune. På sidan her finn du også kontaktopplysningar.

Ønskjer deg mykje lykke til med utforskinga og vegen vidare!

Viss du treng meir hjelp, så kan du gjerne ta kontakt med oss på Karriereveiledning.no på chat, telefon eller e-post.

Med vennleg helsning

Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no

Besvart: 4.12.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål