SSØ eller realfag? Utveksling eller ikkje?
Jente, 16
Hei! Eg skal velja programfag til neste år, men er så usikker på kva eg skal velja. Eg har t-matte og synes da går greit, litt vanskelig i blant, men klarer meg med en femmer. Eg er interessert i både Realfaga og fagene innanfor SSØ. Eg trur eg hadde klart å få betre karakterer viss eg hadde valgt SSØ, enn Realfaga, men samtidig vil Realfaga gje meg fleire moglegheiter. Eg trur eg brenner meir for faga innanfor SSØ enn Realfag. I tillegg vurderer eg å ta utveksling i Frankrike til neste år, som vil då gjere Realfag vanskeligere å ta pga språk forskjellen. Eg veit ikkje kva eg vil bli, som gjør da enda vanskeligere å ta valget om programfag! Kva kan eg gjera?
Svar
Hei!
Så fint at du ønskjer å planleggje utdanningsløpet ditt!
Realfag eller SSØ?
Grunnen til å ta realfag på vidaregåande er gjerne for å halde moglegheitene opne for å komme inn på studium som krev realfag. Eigentleg er det ikkje så mange studiar som krev realfag. Så det du kan gjere, er å undersøkje om dei studiane du vurderer etterpå, faktisk krev realfag.
Dessverre finst det ikkje ei liste over dei studia som krev realfag, men på Utdanning.no kan du søkje opp alle studium, og sjå kva opptakskrava er. Viss det står GENS under opptakskrav/kravkode, så betyr det at det berre trengst generell studiekompetanse.
Utveksling eller ikkje?
Du har rett i at undervisninga viss du reiser på utveksling, vil vere på eit anna språk. Og kanskje påverkar det kor vanskeleg faga opplevast. Samtidig kan du vere klar over at karakterane du får medan du er på utveksling ikkje vil komme på vitnemålet. Det vil berre stå om du har bestått eller ikkje bestått faget.
Det du likevel bør undersøkje, viss du ønskjer å ta realfag, er om skulen du planlegg utveksling til, tilbyr fag som svarer til dei realfaga du ønskjer å ta.
Det er lurt å spørje rådgivaren på skulen om skulen din har utvekslingsavtale med nokon. Spør også rådgivaren om hjelp til å finne ut av dette med realfag på utveksling.
- Her kan du lese meir om utveksling: Utveksling på vg2
Til slutt:
Dei fleste studiar krev som sagt berre generell studiekompetanse, og ikkje nokon bestemde fag verken frå SSØ eller realfagsfordjuping. Du skriv at du brenn meir for faga innan SSØ. Viss du samtidig veit at du vil studere noko som berre krev generell studiekompetanse, så kan kanskje det vere eit argument for å velje SSØ.
Viss det er sånn at du vurderer å søkje på studium som normalt er populære og pleier å ha høgt snitt, så kan det vere lurt å tenkje gjennom kva fag du vil meste best; og få høgast karakter i.
Du skriv også at du er usikker på kva du vil bli. Dette er vanskeleg for mange å finne ut av. Du kan teste ut verktøya du finn her, kanskje nokon av desse kan hjelpe deg litt på veg: Veit ikkje kva eg vil studere
Håpar noko av dette har vore til hjelp. Er du framleis usikker, kan du kontakte oss i Karriereveiledning.no for vidare rettleiing og hjelp. Det er gratis å kontakte oss, og du er anonym.
Lykke til vidare!
Med vennlig hilsen
Karriereveiledning.no, i samarbeid med ung.no
Besvart: 24.1.2025
Oppdatert: 14.2.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål