Spørsmål og svar

Kor mange studiepoeng gir eit realfagskurs?

Jente, 19

Hei! Eg skal ta realgfags kurs til høsten, året 25/26 i Bergen. Eg skal ta deltid, 60%, over eir heilt år, og vil søka studielån, men kor mange studiepoeng får eg av realfagskurset samla sett?

Svar

Heisann!

Så fint at du tek kontakt her på ung, eg forstår at du lurer på kor mange studiepoeng du vil få etter at du har fullført realfagskurs på deltid i Bergen - dette kan vi sjå litt nærare på :)

Eit realfagskurs vil ikkje gi deg studiepoeng på same måte som andre utdanningar du kan ta ved universitet eller høgskule, det er fordi det er er utdanning på nivå med vidaregåande skule.

Sjølv om realfagskurset ikkje gir deg studiepoeng kan du likevel søkje om lån og stipend frå lånekassa. Her finn du informasjon om lån og stipend til forkurs for ingeniørutdanning (litt ned på sidan)

Eg håpar dette var til hjelp for deg! Ønskjer deg mykje lykke til med realfagskurs og dei vidare planane dine :) Er det meir du lurar på når det gjeld ting som har med utdanning eller jobb å gjere, kan du gjerne ta kontakt med ein karriererettleiar på chat, telefon eller e-post. Det er anonymt og heilt gratis!

Med vennleg helsing

Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no

Besvart: 12.5.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål