Finst det nokon andre måtar å utdanna seg til jordmor?
Jente, 20
Hei, eg går per nå vernepleiestudie 2 året og alt går på skinner. Problemet mitt nå er at eg kjenner eg virkelig brenner for å bli jordmor, men går da sjølvsagt feil studie. Planen er å fullføre vernepleie ettersom eg “snart” er ferdig og er tilfreds med studievalget. Er også greit å ha ein utdanning i boks. Samtidig ser eg at utdanningen for å bli jordmor er svært lang. Sjukepleier bachelor (3år), ut i yrket (1år) også jordmorutdanning (2år). Altså 6år om alt går som det skal. Eg lurer då på om det er nåken andre måter å bli jordmor på, eller om man MÅ gå gjennom disse 6årene med stude? Lurer også på om man må bestå sjukepleie med C eller høgare i snitt? I tillegg er det ikkje sikkert at eg kan ta sjukepleierutdanning heiltid. Eg er ikkje sikker på om sjukepleiestudie er nåke eg ville greidd å gjennomføre, men samtidig har eg aldri kjent eit såpass kall til eit yrke som jordmor.
Svar
Hei!
Så fint at du tek kontakt og takk for gode spørsmål. Du er godt i gang med vernepleiarutdanninga og du trivst med dette, samtidig som du opplever eit ønske om å utdanna deg og jobba som jordmor. Det er heilt normalt å kjenna på uvisse om eit utdanningsval, og det er og mogleg for deg å gjera noko anna etter at du er ferdig med studiet du går no. Sidan planen din er å fullføra utdanninga, så vil du uansett som vernepleiar ha høve til å opparbeida deg god arbeidserfaring innan dette yrket
Jordmor
Når det gjeld ditt første spørsmål, om lengda på utdanninga for å bli jordmor så finst det ikkje finst nokon andre måtar å bli jordmor på. For å jobba som jordmor må du per i dag vera offentleg godkjent sjukepleiar, og ta mastergrad i jordmorutdanning. Det er også eit krav om at ein må ha jobba eitt år som sjukepleiar for å kunna bli teke opp i studiet. Så alt i alt utgjer dette 6 år, som du allereie har komme fram til.
Karakterkrav på jordmorutdanning
For å komma inn på jordmorutdanning er det krav om å ha gjennomsnittskarakter på C eller betre i bachelorgrada. Det er likevel ei utdanning som ser ut til å opna litt meir opp når det gjeld opptakskrav. Dette er ei jordmorutdanning (Mastergrad) ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som har følgjande opptakskrav:
- Bachelor i sjukepleie eller tilsvarande
- Autorisasjon som sjukepleiar i Norge
- Minst eitt års relevant yrkespraksis som sjukepleiar
Her blir det altså stilt ikkje krav om karakter C eller høgare. Viss du vil vita meir om dette er ei moglegheit for deg, tilrår eg deg ta kontakt med studiestaden.
Moglegheit for å studera sjukepleie på deltid
Siden du nemner at det ikkje er sikkert at du kan gjennomføra ei sjukepleiarutdanning på heiltid, så kan det kanskje vera greitt for deg å vita at det finst nokre tilbod om å studera sjukepleie på deltid. Her finn du ei oversikt over desse.
Eg håpar svaret var til hjelp, ønskjer deg mykje lykke til!
Med vennlig hilsen
Karriereveiledning.no i samarbeid med ung.no
Besvart: 28.10.2024
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål