Korleis kan eg bli betre ven med ein gut i klassen?
Jente, 16
Hei! det er ein gutt i klassen min eg synes virker veldig morosam å vere rundt og eg har lyst til å betre venn med han, men eg føler at eg låser meg litt og blir blyg når det kun er oss to. Eg vil gjerne ta kontakt med han og gå bort til han i friminutta, men eg føler eg går tom for ting å sei eller samtaleemner vi kan prate om. i tillegg føler eg at eg er ganske kjedelig i forhold til dei andre, meir utadvendte jentene i klassa mi. han er ganske utadvendt av seg, mens eg er meir innadvent, så eg føler allereie der at energien min ikke når opp. Men eg er mykje meir utadvendt og morosam når eg er med folk eg er trygge og komfortable rundt, som vennene mine. eg synes det er lettare å snakke med han når vi er fleire. i tillegg så overtenner eg ein god del, spesielt samtalene våre og ting eg har sagt. har dokke noko tips til kva eg kan gjere?
Svar
Hei! Det høyrest ut som du verkeleg ønskjer å komma nærare denne guten, men at du blir litt nervøs når det er berre de to. Det er heilt normalt å kjenna seg litt tom for samtaleemne eller å overtenke det du seier, spesielt viss du føler at han er meir utettervend enn deg. Kanskje det kan hjelpa å hugsa at du ikkje treng å konkurrera med dei andre jentene i klassen. Berre det å vera deg sjølv, sjølv om du er litt meir innadvent, kan gjera at han set pris på dei gongene de pratar. Du kan prøva å finna nokon felles interesser, eller spørja han om noko han liker, då er det lettare å halda samtalen i gang. Viss du kjenner deg meir komfortabel når de er i ei gruppe, kan du kanskje starta der, og etter kvart bli meir vann til å vera med han åleine.
Vennleg helsing ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 10.10.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål