Spørsmål og svar

Kordan få han til å like meg tilbake

Jente, 14

Hei, eg er forelska i ein gutt, eg har våre forelska i han veldig lenge. Men når eg va på juleball kyssa han ein anna jente. Men det går ingen rykte om at dei e sammen. Eg likar han veldig godt ka burde eg gjere får at han ska like meg tilbake.

Svar

Hei

Eg skjønner at du synes det er vanskeleg at han kyssa ein annan.

Det treng ikkje bety at dei er saman sjølv om dei kyssa.
Du kan ikkje kontrollera om han liker deg eller ikkje. Men du kan prøva å bli betre kjent med han, snakk til han og smil når du ser han. Da viser du at du er interresert til å bli betre kjent.

Viss de blir betre kjent byrjar han kanskje å lika deg etter kvart.

Du kan og spørja nokon om han og den jenta han kyssa er saman for å vera sikker. Du kan og spørja han om han liker nokon, eller fortelja han at du liker han etter kvart.

Men for at han skal like deg er det ikkje så mykje du kan gjera, det må jo skje naturleg. Men du kan tilbringe meir tid med han og vera snill mot han. Det viktigaste er at du er deg sjølv.

Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 4.9.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål