Har en venn som vil leke gømsel, eg synest det er barnsligt og pinligt.
Jente, 13
Eg har en venn som er veldig barnslig, han vil kun leke ting, og i friminuttene så leker vi gømsel. det er irriterende for vi går i 7 klasse, og eg syntest at det er barnslig men eg tør ikkje og sei noke for han kommer til og bli sur, vi er en trio, det er en annen jente der og, eg vet ikkje kossen ho føler seg med og leke gjømsel, det er gøyt til tider, men det er fortsatt barnsilgt og litt pingligt. jeg vet ikke hva jeg skal gøre?
Svar
Hei!
Takk for at du deler dette med oss!
Når ein går i sjuendeklasse, kan det være ein overgang fra at ein har lyst til å leke ting, til at ein helst vil gjere noko anna. Akkurat når denne overgangen kjem, kan vere forskjellig fra person til person. Det er ikkje uvanleg å ville leke ting når ein går i sjuendeklasse - Og ikkje når ein er eldre heller.
Men kanskje spesielt når ein er i den alderen som dokker er no, kan det for nokon føles barnsleg og pinleg å for eksempel skulle leke gøymsel. Det er fordi dokker er i ei brytningstid der dokker byrjar å bli ungdommar, og da er det mykje som endrar seg. Det er veldig mange som i den tida ikkje vil vere barnslege, og blir veldig bevisste på seg sjølv.
Altså: Eg skjønner at du synest denne gutten er barnsleg, men eigentleg er det ikkje noko rart eller uvanleg med å ville leke gjemsel i dokkar alder - Og heller ikkje med å ikkje ville det. Alt er like normalt, og like greit.
Men viss du eigentleg synest at det er litt gøy å leke gjemsel til tider, kan du kanskje prøve å tenkje litt mindre på kva andre kan tenkjer, og berre ha det gøy med vennane dine?
Kanskje du også kan foreslå at dokker kan leke nokon andre lekar som du ikkje synest er like kleine eller barnslege, men der dokker likevel kan fortsette å leike?
Håper dette var til hjelp! Om det er noko meir du tenkjer på som du ikkje føler du fikk svar på, er det berre å sende oss eit nytt spørsmål:)
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 12.11.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål