Er forelska i ein i vennegjengen. Vil alt bli kleint i gruppa?
Jente, 16
Hei, eg er veldig ufaren når de gjelder gutter, har nylig blitt forelska i ein søt gutt frå parallell klassen min. Vi snappen ein del og har augekontakt også. Men vi er i samme vennegjeng, vil si noe men er redd de gjør alt kleint i gruppa. Kva gjer eg?
Svar
Hei!
Så fint at du har blitt forelska i ein søt gutt - Og så skjønner eg også at du er redd for at denne forelskelsen skal gjøre stemninga i gruppa dokkar klein.
Det kan hende at dette kjem til å endre dynamikken i gruppa dokkar, men det kan også hende at det kjem til å gå heilt fint. Det er lagt i frå uvanleg at to fra samme gjeng utviklar et forhold, og sannsynligvis blir det ikkje noko større problem at dokker har ei greie.
Kanskje vegen å gå kan vere å kunne vere litt sjølvironiske om at dokker har ei greie? Heller at det er noko som ingen i gjengen snakkar høgt om, kan det kanskje vere noko dokker kan tulle litt med? Sånn trur eg at dokker kan unngå at det blir kleint.
Altså skal du ikkje vere redd for å si noko. Køyr på!
P.S. Det er også heilt greit å vere uerfaren når det gjelder gutter - Ein gang må vere den første for alle, og du kommer til å finne ut av det etter kvart som dette utviklar seg! Berre våg å vere den som tar litt initiativ til å utvikle flørten (i dokkar eige tempo) så skal du sjå at det går rett veg;)
Dette kjem til å gå fint!
Lukke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 8.11.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

