Spørsmål og svar

Korleis spørre ho om å bli saman utan å gjere det kleint?

Jente, 13

Hei eg liker ei jente og eg vet ikkje kos eg ska spør hu om og bli sammen uten lg gjør det kleint

Svar

Hei!

Så triveleg at du liker ei jente, og at du vil spørre ho om å bli saman med deg!

Eg forstår at du blir redd for å gjere det kleint, men det kjem ikkje til å bli kleint<3 Det er berre modig å spørre om ho vil bli saman med deg, og uansett om ho seier ja eller nei, så vil nok ho også synest det same!

Om du kjenner at du ikkje er klar for å spørje ho heilt enno, kan det kjennes lettare å først prøve å finne ut om ho føler noko for deg. Det kan vere å invitere ho på en date med deg for å sjå korleis kjemien er, eller hinte til at du liker ho ved å flørte litt, og sjå korleis responsen er.

Om du berre vil spørje og få det gjort, så køyr på! Det beste vil nok vere å ta det ansikt til ansikt ein gong dokker er saman berre dokker to. Du kan for eksempel byrje med å seie nokon fine ting om ho, og så fortelje ho at du har blitt forelska i ho.

Lukke til! Dette greier du!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 26.7.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål