Spørsmål og svar

Blir sint av at kjæresten er med ein annan gutt.

Gutt, 14

Hei, eg har èin kjæreste som altid er med èin Anna gutt som jeg ikkje liker at hun er med eg blir egentlig veldig sint, men eg vettikkje kva eg skal sei? Men når eg er skjeldnere med andre jenter blir hun veldig sur på meg og vil diskutere. Kva kan eg gjere for at hun vil ver med meg og ikkje han andre gutten?

Svar

Hei!

Takk for spørsmålet ditt!

I seg sjølv er det jo ikkje noko gale i å ha andre vener, og man bør kunne ha vener av andre kjønn sjølv om man har kjæreste av det kjønnet. Men det er også heilt naturleg å bli litt sjalu og greit å synast det er vanskeleg! Da er det viktig at dokker får tatt ein prat om det, så det ikkje treng å bli eit mykje større problem. Ingen av dokker meiner jo å være slem mot den andre, dokker vil jo kvarandre godt<3

Sjølv om dokker snakkar om kva dokker synest er vanskeleg, er det jo ikkje sikkert at svaret er at den andre skal gjere noko annleis. Av og til er det man treng å få snakka om det ein synest er vanskeleg, så man kan jobbe med det saman og spele på same lag, og hjelpe kvarandre å kome over utfordringane.

Om du opplever at kjæresten din prioriterer å vere med denne gutten framfor å vere med deg for ofte, kan du ta det opp med ho.

Når dokker skal prate saman, gjelder det å prøve å ikkje bruke for sterke ord, forklare så godt du kan korleis ting kjennes for deg, og også lytte til kva ho tenkjer. Så kan dokker bli samd om korleis dokker kan hjelpe kvarandre å få det betre med dette.

Hugs at grunnen til at dette er utfordrande, eigentleg berre er at dokker er glade i kvarandre og ikkje vil miste kvarandre<3

Ønskjer deg og kjæresten din alt godt!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 30.4.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål